Psykiske reaksjonar ved svangerskap, fødsel og barseltid

Artikkel

Boka tek føre seg psykiske tilhøve ved svangerskap, fødsel og barseltid. Sjølve framstillinga tufter på ein postmodernistisk tenkemåte. Perinatalperioden blir vurdert ut ifrå eit eksistensielt perspektiv. Sentrale område er samhøve mellom foreldre og barn, draumetolking og mannen si rolle ved graviditet og fødsel. Tema som fødselsangst, samliv og seksualitet vert utførleg omtala.

Dette er ei lærebok som vektlegg dei psykiske sidene av graviditet og foreldreskap ut ifrå ein kontekstuell modell. I og med at forfattaren tek utgangspunkt i ein slik modell i staden for den tradisjonelle sjukdomsmodellen, så vert vinklinga av dei ulike tema ukonvensjonell og såleis noko uvant. På denne måten vert lesaren tilført nye innsiktsmåtar på ellers kjende område. Fleire lesarar vil sikkert oppleve dette som positivt. Boka representerer difor noko nytt i heilskapen om svangerskapsomsorga, og kan vere eit supplement til andre lærebøker på fagområdet.

Forfattaren ynskjer å nå alt helsepersonal som har med gravide og fødande å gjere. Samtidig er også ventande og nyvortne foreldre målgruppe for læreboka. Layouten er prega av tettskrivne sider med få tabellar og illustrasjonar. Teksten inneheld mange faguttrykk og framandord. Det vil difor vere vanskeleg for delar av den breie målgruppa å fylgje forfattaren si framstilling trass i forklaringar og framifrå litteraturliste.

Dette er først og fremst ei bok for fagpersonar som har spesiell interesse for psykiske aspekt knytt til graviditet og fødsel. Desse personane bør lese boka, som er den einaste av sitt slag her i landet.

Jostein Tjugum

Kvinneklinikken

Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane

Førde

Anbefalte artikler