Nyretransplantasjon i Noreg - eit historisk perspektiv

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    Fram til slutten av 1960-talet fanst det inga livsforlengande behandling for pasientar med nyresvikt. Den fyrstevellukka nyretransplantasjonen vart utført i Boston, USA, i 1954. Då vart ei nyre transplantert mellom eineggatvillingar. Vevstyping var ikkje tilgjengeleg, få immunsuppressive medikament var utvikla og dialyse vart berre nyttafor korttidsbehandling.

    Behandling av akutt nyresvikt med hemodialyse vart starta ved Kirurgisk avdeling A, Rikshospitalet, i 1956. Denfyrste nyretransplantasjonen i Norden vart utført ved same avdeling same året. I 1963 starta transplantasjonsverksemdaved Ullevål sykehus. Frå 1983 er alle nyretransplantasjoner i Noreg utførte ved Rikshospitalet. I 1969 vartScandiatransplant etablert for utveksling av nyrer mellom dei nordiske landa, og eit nasjonaltnyretransplantasjonsprogram i Noreg vart starta. Vevstypelaboratoriet vart etablert i 1970. Nefrologane ved region- ogsentralsjukehusa har ansvaret for langtidsoppfølging av pasientar med nyresvikt og har eit nært samarbeid medtransplantasjonsmiljøet ved Rikshospitalet. I dei seinare åra har 180-200 pasientar i Noreg vorte nyretransplantertekvart år, og resultata er gode.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media