Visdom - kunnskapen, pasienten og legen

Vestbø E Om forfatteren
Artikkel

Sammendrag


Evidensbasert og tilrettelagt kunnskap er eit viktig grunnlag for god legegjerning. I tillegg kjem praktiske kunnskapar, klinisk teft og høveleg framferd. Det trengs likevel tillegg av ei djupare forståing av innhaldet i klinisk praksis. Det er ikkje minst behov for visdom når medisinsk faktakunnskap skal tilpassast individet og smelte saman med individkunnskapen. På vegen frå den vitskapelege artikkel til klinisk handling må kunnskapen reviderast fem gonger. Oppgåva er stor og tung, men likevel krev det gode møte med pasienten endå meir av legen i form av empatisk haldning og til og med at pasienten blir forstått utover si eiga sjølvinnsikt.

Den empatiske legen kan lett få personlege problem då det er lett å møta seg sjølv i døra i høve til eigne tap og sorgreaksjonar. Gjennomarbeiding av desse er truleg like viktig som fritid og rekreasjon.

Pasientsentrert arbeid krev ofte mot og integritet av legen, men vi bør ta utfordringa og arbeide til beste for pasientane våre samstundes som vi tek vare på oss sjølve med innsikt i kva vi eigentleg held på med.

Anbefalte artikler