Tarminvaginasjon hjå barn i Hordaland fylke 1983-92

Artikkel
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Sammendrag

    I Hordaland vart førekomst av invaginasjon samanlikna for Bergen, der 45% vart innlagt av barnelege, og resten avfylket, der 18% vart innlagt av barnelege. Diagnose og forløp vart samanlikna for barn innlagt av barnelege ogallmennpraktikar.

    I perioden 1983-92 fekk 142 barn i alderen 0-14 år diagnosen invaginasjon basert på røntgenundersøking av colon (139barn) eller kirurgi (tre barn). Det var ingen signifikant forskjell i førekomst mellom Bergen og fylket for øvrig (1,8mot 1,4 per 1000 barn per år, p = 0,3). Barnelege stilte oftare riktig innleggingsdiagnose enn allmennpraktikar (70%mot 42%, p = 0,003), men det var ingen signifikante forskjellar i alder på barnet (median åtte månader for begge),lengd på symptom (median 12 mot 24 timer), typar symptom eller del som trong kirurgisk behandling (58% mot 59%).

    Lik førekomst i Bergen og resten av fylket kan tyde på at spontan remisjon av invaginasjon ikkje er vanleg.Barnelegane tilviste oftare barna med riktig diagnose, men resultata viser at allmennpraktikarane i like stor gradgjenkjende at sjukdomsbiletet kravde innlegging.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media