Artikkel
Sammendrag
Asklepios var gud for lækjedom og lækjekunst i det gamle Hellas. Han var ingen fjern, olympisk gud, men einmenneskenær, deltakande skapnad.
I over 800 år stetta han menneska i middelhavsregionen sin trong for å ha ein guddomeleg ideallækjar å sjå opptil.
Asklepioskulten hadde meir å seie for kva folk flest venta av lækjaren sin enn alle dei hippokratiske skriftene. Påden andre sida gav den lækjaren eit ideal å leva opp mot, slik Jesus frå Nasaret gjorde det for seinaregenerasjonar.
Vår sekulariserte tid er fattig på ideal og for det meste utan tru på nokon guddom. Religion og naturvitskap kanlike lite blandast som olje og vatn. Men religion kan gi djupn og livsmeining som vitskapen ikkje kan gi.
Kanskje burde vi difor, som Sokrates, også i dag ofre ein hane til Asklepios?