Min gode venn og kollega Egil Trygve Storås døydde 25. april 2025, vel 81 år gammal.
Egil vart født 23. september 1943 i Ålvik i Hardanger. Han flytta heimanfrå som 16-åring og tok artium ved Voss offentlege landsgymnas i 1963.
Den same hausten starta han på medisinstudiane i Graz i Østerrike saman med meg og 25 andre norske ungdommar. Vi vart raskt ein gjeng som både studerte og hadde aktiv fritid saman. Egil og eg fann tonen fort og det utvikla seg eit godt vennskap. Alle fasettane i eit studentliv førte oss saman i eit fellesskap som varte heile livet. Det gode humøret, dei underfundige kommentarane og den litt distré åtferda hans vert ikkje gløymt.
I 1967 vart det gjennomført ekstra opptak av utanlandske medisinstudentar ved Universitetet i Oslo, og både Egil og eg gjennomførte siste delen av studiet her. Etter turnusteneste ved Flekkefjord sjukehus og i Kvinesdal fekk han distriktslegestilling i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre i 1972. I 1973 vart eg distriktslege i Herøy, så Egil og eg, og familiane våre, fekk eit fellesskap både i arbeid og fritid fram til Egil og familien reiste til Kaimosi i Kenya for å arbeide ved eit amerikansk kvekarsjukehus. Der vart han til 1976. Oppgåvene der var svært mangearta – kompliserte fødslar, keisarsnitt, skadar og ukjende infeksjonssjukdomar. Dette meistra han på ein fin og trygg måte.
Ekspedisjon til Kilimanjaro vart òg gjennomført i fin stil i denne perioden.
I 1977 vart Egil distriktslege med verv som helserådsordførar i Eide kommune på Nordmøre. Her kombinerte han allmennpraksis, legevakt og samfunnsmedisinske oppgåver på ein god og engasjert måte for innbyggjarane og kommunen. Han var ein aktiv deltakar i det samfunnsmedisinske miljøet som utvikla seg i Møre og Romsdal på 1970- og 80-talet.
I 1989–90 studerte han eit år ved Harvard School of Public Health. I 1992 vart han utnemnt til fylkeslege i Møre og Romsdal. Han var ein god og engasjert samfunnsmedisinar som gjorde det beste for befolkninga i fylket.
Egil gjekk av med pensjon i 2010. Då kunne han i endå større grad dyrke sine allsidige interesser for fotografi, kunst, reiser og båtliv. Familien hadde vakse, og barnebarna og deira ve og vel var svært viktig for han.
I 2015 fekk Egil diagnostisert Parkinsons sjukdom. Etter kvart som åra gjekk, prega sjukdomen kvardagen hans meir og meir. Egil etterlèt seg kona Grete, tre barn og åtte barnebarn.
Takk for laget, Egil.