Kommentar

T. Aarre svarer A. Vaaler

Trond Aarre
Avdelingssjef
Interessekonflikt:  Nei

Eg takkar Arne Vaaler for ein tankevekkjande kommentar og vil her utdjupe litt av det han tek opp.

Vaaler viser til at det er mange ulike definisjonar av omgrep på dette feltet. Eg har ikkje problematisert alle desse, men har teke forskarane på ordet og prøvd å formidle deira funn på ein uhilda måte. Når eg nyttar omgrepet «akutt» om behandling med nevroleptika, dreier det seg ikkje om nyoppstått psykose. Eg viser i kronikken til at det ikkje finst placebokontrollerte studiar å stø seg på når det gjeld fyrstegongspsykose. «Akutt psykose» vert, som i den vitskaplege litteratuen, nytta for å skilje bruken ved meir eller mindre akutte forverringar frå den tilbakefallsførebyggjande langtidsbehandlinga som også går føre seg når personen det gjeld er heilt utan plager.

Vaaler skriv av «Det er få klinikere som betviler den akutte, klinisk gode effekt av antipsykotika på symptomer, funksjon og atferd ved gjennombrudd av flere typer alvorlig psykose. Det er god effekt på agitasjon, psykotisk 'katastrofeangst', søvnløshet og uro ...». Han har tvillaust rett i at det er få som tvilar, men spørsmålet eg stiller er ikkje om fagfolks tru og tvil. Det eg er oppteken av, er kva vitskapleg grunnlag me har for overtydingane våre. Det kan godt vere at midla verkar både mot søvnløyse og uro, men dei kontrollerte studiane viser altså at skilnadene mellom medikamenta og placebo er små.

Konteksten for kronikken min er Helsedirektoratet sine retningsliner for medikamentell behandling ved «psykoselidingar». Det er dokumentasjonen for direktoratet sine tilrådingar eg har skrive om. Vaaler tek opp spørsmålet om bruk av nevroleptika ved andre tilstandar, som alvorlege affektive lidingar og akutte organiske psykosar. Kronikken min dreier seg ikkje om dette, så slike spørsmål må vurderast for seg. Vaaler har rett i at eg kunne presisert det klårare.

Publisert: 05.05.2025