Kommentar

Kvar er dokumentasjonen?

Trond Aarre
avdelingssjef
Interessekonflikt:  Nei

Styret i Norsk psykiatrisk forening (NPF) proklamerer at «antipsykotika virker» og påstår at eg framhevar «svakere funn med metodiske svakheter, mens den samlede evidensen og hovedstrømmen i psykiatrisk forskning utelates». Eg undrar meg på korleis styret har kome fram til denne konklusjonen når eg støttar meg til den til då største metaanalysen som kunne uttale seg om spørsmålet om effekten av nevroleptika ved akutt forverring av schizofreni. Kva NPF meiner er den samla evidensen og «hovedstrømmen i psykiatrisk forskning», får lesaren aldri vite. Dei legg ikkje fram nokon vitskapleg dokumentasjon som tyder på at mine konklusjonar er misvisande.

Dersom det er meg dei siktar til når dei skuldar nokon for «selektiv utvelgelse av data som støtter egne synspunkter, mens motstridende funn ignoreres», har eg to merknader til det. Den fyrste er at eg ikkje er interessert i synspunkt, men i vitskaplege data. Ei meir generøs haldning frå styret i NPF kunne gå ut frå at synspunktet mitt er forma av dei data som føreligg. Eg trudde før at desse midla hadde god effekt, men nærare gransking av dokumentasjonen tvang meg til å skifte syn. Den andre merknaden at dei motstridande funna aldri vert presenterte. Kvifor kan dei ikkje vise oss dei?

Kronikken handlar om effekten av nevroleptika ved akutt forverring av psykoselidingar. For å vise at eg tek feil, viser styret i NPF til metaanalysar av vedlikehaldsbehandling, som eg ikkje har uttalt meg om.

Styret skriv: «Effektstørrelsene er gjennomgående moderate, men klinisk meningsfulle, da det dreier seg om svært alvorlig sykdom». Eg saknar dokumentasjon for dette ettersom eg viser at dei effektane ein finn i randomiserte, kontrollerte studiar er så små at ein klinikar neppe kan påvise dei.

Når dei klagar meg for å vere selektiv i utvalet av data, kan me sjå på deira praksis: Til støtte for påstanden om at nevroleptika fører til «vesentlig bedre funksjon» viser dei til ein studie finansiert av legemiddelprodusenten med 61 pasientar og utan kontrollgruppe. Når dei hevdar at risikoen for drap aukar med ikkje-medisinert psykose, viser dei til ein metaanalyse som ikkje uttaler seg om det.

Styret meiner at eg «diskrediterer hele behandlingsformen» og at det ikkje er «en faglig redelig tilnærming». Men eg kan personleg neppe ta ansvaret for at dokumentasjonen for effekt er så svak. Det er rett og slett ikkje mi skuld.

Slik eg forstår styret, er det å stille spørsmål om den vitskaplege dokumentasjonen å gå til åtak på «den samlede legestandens kunnskap». Spørsmål er visst også unødvendig fordi «det råder ingen faglig tvil om at de virker». Dette er ei forstemmande og antivitskapleg haldning til eit så viktig spørsmål for fagfeltet.
Styret i NPF kunne med fordel vore mindre påståeleg og meir interessert i å opplyse ordskiftet med vitskaplege data. Styret bør ikkje kneble eit fagleg ordskifte med påstandar om at det er «skadelig for pasientene våre og for behandlingsklimaet» å granske vitskapen som ligg til grunn for praksis og nasjonale faglege retningsliner. Eg var nok for optimistisk når eg trudde vi kunne unne oss opne og offentlege faglege drøftingar og ha takhøgd nok til å leve med ulike syn.

Publisert: 10.06.2025