Innlegget mitt vert vel oppfatta som eit gufs frå ei fortid ingen vil attende til, men stundom er det ikkje av vegen å sjå ei sak i eit tidsperspektiv. Eg tok embetseksamen i 1964 og i mange år hadde me berre papirjournalar. Det hadde sine føremonar og ulemper, men det fungerte - tydelegvis betre enn Helseplattforma. Uautorisert tilgang til ein innelåst papirjournal var svært vanskeleg, og eg kan ikkje hugse noko tilfelle der systemet truga pasienttryggleiken.
I dagens stode må mottoet vere "skund deg langsamt" ("festina lente" på latin). Å innføre eit system som har vist seg ikkje berre ubrukeleg, men men også uhyre kostbart, førekjem meg uforståeleg.
Den katastrofale Helseplattforma