Kommentar

Iatreion - apotek eller sjukehus?

Dagfinn Skrede
Lege i spesialisering, Barne- og ungdomsavdelinga, Drammen sjukehus
Interessekonflikt:  Nei

Eg takkar professor Haavet for eit godt boktips i meldinga om Tellnes og medarbeidere sin antologi Følsomhetens kraft (1), men undrast på om ikkje tittelen på meldinga Psyches Iatreion - sjelens apotek er noko misvisande.

Det greske uttrykket ψυχῆς ἰατρείον (psykhes iatreion) står, som Haavet riktig påpeikar, skrive over inngangen til biblioteket i klosteret St. Gallen, eit bygg som vert datert til rundt 782 e.Kr. Inskripsjonen er imidlertid best kjend frå ein noko eldre bygningsmasse, nemleg biblioteket i Alexandria, datert til det andre århundret før Kristus (2). Men kva tyder den?

Psykhes viser oss at dette har noko med sjela eller ånda å gjere. Ordet iatreion er imidlertid vanskelegare å omsetje. I gamalgreske ordbøker finn ein ulike omsetjingar: til det engelske surgery (staden, ikkje handlinga), til det france maison de medecin og til det tyske Wohnung des Artzes, wo er sein Kunst ausübt (3). Å kalle iatreion for eit apotek er såleis noko misvisande. Sjukehus passar betre, men er diverre ei anakronistisk omsetjing all den tid inskripsjonen kan sporast til over 500 år før dei fyrste sivile sjukehusa i Vesten oppsto (4).

Vi kan lese iatreion som ein stad der noko eller nokon vert lækt - heller eit lækjehus enn eit lækjarhus. Den mest dekkande omsetjinga er kanskje det latinske sanatorium, eit ord som gjev assosiasjonar til ein menneskevenleg og helsefremjande stad der sjel og kropp kan kvile og bli heile att. Ei slik skildring kan òg brukast om biblioteket - men diverre ikkje om våre moderne sjukehus.

Litteratur:
1: Haavet OR. Psyches Iatreion - sjelens apotek. Tidsskr Nor Legeforen 2023 doi: 10.4045/tidsskr.23.0099
2: Wikipedia. Library of Alexandria. https://en.wikipedia.org/wiki/Library_of_Alexandria# Lest 2.5.2023
3: Eulexis-web. ἰατρείον. https://outils.biblissima.fr/en/eulexis-web/ Lest 2.5.2023
4: Store Medisinske Leksikon. Sykehus. https://sml.snl.no/sykehus Lest 2.5.2023

Publisert: 05.05.2023