Kommentar

E. Taule og medarbeidarar svarar

Erlend Moen Taule
Medisinstudent
Interessekonflikt:  Nei
Stephanie Schipmann-Miletic
Legespesialist
Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
Terje Sundstrøm
Overlege
Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus

I ein kommentar til vår kliniske oversiktsartikkel Hjernemetastasar – diagnostikk og behandling (1) har Yri og hans medforfattarar stilt spørsmål ved vårt utspel om rolla av heilhjernebestråling. Vi har trekt fram visse grupper pasientar der ein i dag framleis nyttar denne modaliteten. Det er ikkje dermed sagt at vi meiner alle desse pasientane skal ha heilhjernebestråling, og vi stiller oss ikkje motstridande til varsemd knytt til denne behandlinga. I EANO/ESMO sine retningslinjer har forfattarane rett i at ein bør vere spesielt varsam kring pasientar med fleire hjernemetastasar og dårleg prognose. Likevel viser artikkelen til at heilhjernebestråling hos pasientar med forventa overleving under 3 månadar er eit alternativ (2). Det blir òg vist til at hos pasientar med over 10 hjernemetastasar og pasientar med ukontrollert ekstrakranial sjukdom, er heilhjernestråling ei tilrådd tilnærming (2). I ASCO/SNO/ASTRO sine retningslinjer tilrår ein ikkje heilhjernestråling til pasientar med asymptomatiske hjernemetastasar med Karnofsky performance status (KPS) under eller lik 50 og hos pasientar med KPS under 70 og ingen systemiske alternativ (3).

Forfattarane viser til eit arbeid frå Wien (4) som har sett på nærmare 7000 pasientar i tidsperioden 1986-2020, der ein faktisk ser ein auke i bruk av heilhjernestråling frå 20.9% i tidsperioden 1986-1990 til 25.3% i perioden 2010-2020.

Median overleving hos pasientar med hjernemetastasar er eit komplekst tema, og litteraturen er svært heterogen. I vår referanse (5) har ein sett på 7000 pasientar frå fleire institusjonar i fleire land i tidsperioden 2006-2017, og er grunnlaget for det diagnosespesifikke prognostiske verktøyet. Yri og hans medforfattarar sine tal baserer seg blant anna på pasientar frå 80-talet. Det er riktig at i Sperduto og han sine medforfattarar sin artikkel (5) er median overleving noko overestimert, då pasientar som berre fekk støttande behandling er ekskludert (5). Ser ein på median overleving i artikkelen frå Wien sin seinaste periode er det likevel ein markant skilnad mellom artiklane. Det er vanskeleg å tenkje seg at dette er grunna eksklusjon av pasientar berre på støttande behandling, då berre 3.4 % i studien frå Wien fekk «Best supportive care» (3).

Vi har prøvd å skildre moglegheiter innan behandling for visse grupper, og med eit avgrensa tal ord til rådighet er det nyansar som ikkje blir skildra. Vi meiner framleis ein førebels kan seie heilhjernestråling er ein viktig del av behandling hos utvalde pasientar og ser fram til å lese forfattarane sine data i ein kommande publikasjon.

Litteratur

1. EM Taule, et alt. Hjernemetastasar – diagnostikk og behandling. Tidsskr Nor Legeforen 2022; 142. doi: 10.4045/tidsskr.21.0809

2. Le Rhun E, Guckenberger M, Smits M et al. EANO-ESMO Clinical Practice Guidelines for diagnosis, treatment and follow-up of patients with brain metastasis from solid tumours. Annals of oncology : official journal of the European Society for Medical Oncology 2021;32(11):1332-47.

3. Vogelbaum MA, Brown PD, Messersmith H et al. Treatment for Brain Metastases: ASCO-SNO-ASTRO Guideline 2022;40(5):492-516.

4. Steindl A, Brunner TJ, Heimbach K et al. Changing characteristics, treatment approaches and survival of patients with brain metastasis: data from six thousand and thirty-one individuals over an observation period of 30 years. European journal of cancer 2022;162:170-81.

5. Sperduto PW, Mesko S, Li J et al. Survival in Patients With Brain Metastases: Summary Report on the Updated Diagnosis-Specific Graded Prognostic Assessment and Definition of the Eligibility Quotient. J Clin Oncol 2020; 38: 3773–84

Published: 02.11.2022
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media