Kommentar

Preprinta namnebruk

Ingar Arnøy
Skulemålsskrivar
Interessekonflikt:  Nei

I ein god og oversynleg artikkel om vanskar med å omsetja frå eit språk til eit anna (1), viser artikkelforfattaren at også ho har preprinta: "Betegnelsen innsendt manuskript anbefales på både norsk og nynorsk". Nuvel. Om forfattaren hadde tenkt omsetjing til/frå engelsk i denne venda òg, hadde me kunne lesa "Dano-Norwegian and Norwegian". I vankunne og fåkunne har den fullstendig meingslause namnebruken 'norsk og nynorsk' fest seg. Det korrekte, også etter ei fagfellevurdering, vore 'Betegnelsen innsendt manuskript anbefales på både bokmål og norsk'. Jamvel om dei engelske nemningane er språkhistorisk - for ikkje å seia politisk korrekte!

Litteratur:
Loftsgaard LS. Preprint på norsk. Tidsskr Nor Legeforen 2022; 142. doi: 10.4045/tidsskr.21.0236

Published: 30.06.2022
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media