Kommentar

Be nice to nurses, we are the ones who keep the doctors from...

Per Melvær
Sjukepleier Felles Akuttmotak
Interessekonflikt:  Nei

Veldig bra skrevet Victoria, og et viktig tema (1). Som "Søster Per" og "Sjuande Far i Huset", har eg alt for ofte måtte vere surogat for bakvakter til unge og dyktige, men uerfarne turnus/LIS leger. Ikkje et vondt ord om unge og nyutanna leger, som står på døgnet rundt og ofte uten tid til mat eller do-besøk - dei gjer så godt dei kan og vel så det.

Som sjukepleiar i akuttmotak har eg ofte stått med unge leger som i fortvilelsen ber om hjelp fordi bakvakt ikkje er tilgjengelig. Eg har til vane å ønske dei velkommen med: "No er du i akuttmotak, her kan du komme og få trøst når pårørende kjefter, eller bakvakter er mugne fordi du vekker dem midt på natta - men lytt nøye når en erfaren sykepleier spør, for da har du oftest svaret." Forskjellen er at sjølv om eg har lang erfaring, og har vore oppe i mange situasjonar så står du med eit juridisk ansvar for både diagnose og behandling, medan eg som sjukepleier kan berre kan gi råd og veiledning. Når eg spør "kva sa bakvakta di?" - så veit eg oftast kva svar den ville gitt. Om eg gir det samme rådet vert det likevel du - ikkje eg - som står med det juridiske ansvaret om det skulle vise seg at eg tok feil. Eg har vore i ulike deler av "bransjen" sidan 1979, både som ufaglært, i leiande stilling, i undervisning og som veileder. Det du etterlyser: Overleger som veileder og som no er tilstades i akuttmottak, er det beste som har skjedd i mi tid i akuttmedisin. Måtte vi bare få det på døgnbasis. Folk vert sjuk og skada både på kveld og natt, ja i til og med i helg og høgtid!

Eg trur det utvilsomt ville gjere at fleire unge leger holdt ut, og kom dyktigare og tryggare ut i virket, og ikkje minst at pasientsikkerhet og engasjement for pasientomsorg vert styrka. Mykje har endra seg sidan eg begynte i bransjen, og mykje er blitt betre. Og som eg ofte seier: "Då eg og bestemor var ung fantes det heller ingen Dr. Google", og det var det få om noken som klagde eller stilte spørsmål ved legens vurdering. Stå på Victoria - eg veit at mange stiller seg bak deg og ditt engasjement for både mottakar og yter av helsetenesta her!

Litteratur:
1. V Schei. En turnusleges bønn om bedre arbeidsvilkår. Tidsskr Nor Legeforen 2022; 142. doi: 10.4045/tidsskr.22.0269

Published: 30.06.2022
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media