Kommentar

Korleis lese abortstatistikken

Mette Løkeland-Stai
Overlege, Abortregisteret, FHI
Interessekonflikt:  Nei

I veilederen til Abortforskrifta så er det definert når fosteret er 12 fullgåtte veker dersom ein nyttar ultralyd. Det målet er bestemt til CRL (crown-rump-length) 66 (1). Alle foster med CRL under 66 mm er såleis innafor grensa for sjølvbestemt abort. CRL på 66 er 97,5 percentilen for foster ved 12 veker og 50 percentilen for foster ved 13 veker. I alle praktiske samanhangar som ikkje handlar om å vurdere om fosteret er innafor grensa for sjølvbestemt abort i følge norsk lov, vil ein difor registrere foster med CRL 66 mm som 13 veker og ikkje 12 veker. For å samanlikne aborttal i andre land opp mot Noreg må ein ta høgde for dette. Det vil seia at dersom ein ynskjer å samanlikna andelen seinabort i andre land med dei norske tala så må ein rekna andelen abortar etter veke 13. Sverige skil i sin statistikk på over og under 12 veker og ikkje over og under 13 veker (2). Det gjer at dei får ein litt falskt høgare andel i forhold til Noreg.

Dersom ein ser til andre land så ser ein at det ikkje er stor skilnad mellom land som har eit juridisk skilje ved 12 veker, 18 veker eller seinare. Forholda er tilnærma like. Finland og Danmark har eit juridisk skilje ved 12 veker, og inntil 2019 så hadde også Island det. Sverige har sjølvvalt abort til 18 veker, og Finland tillèt abort opp til 20 veker for særskilde grunnar. Mellom veke 20-24 tillèt Finland abort berre ved misdanningar og sjukdom hjå fosteret. New Zealand har eit skilje ved 20 veker. I Storbritannia kan dei ta abort opp til 24 veker på same grunnlag om du er 8 veker eller 23 veker. Det at ein ser skilnader mellom landa, handlar truleg heller om andre faktorar. Faktorar som også påverkar at land generelt sett har ulike abortratar. Til dømes ser vi at Sverige heile tida ligg høgast i Norden. England og Wales har same lov som Skottland, og trass i det har Skottland heile tida lege lågare enn England og Wales når det gjeld prosentdelen seinabortar.

USA har eit noko høgare tal seinabortar enn dei andre. Hovudgrunnen til det er alle restriksjonane og hindra på vegen, som finst i ein del statar når det gjeld å ta abort. I tillegg er det å ta abort ein kostnad som ikkje vert dekt av helseforsikringa. Dei må difor skaffe ein god slump pengar for å betale for inngrepet før dei får tatt abort. Trass i alle desse hindra og at dei må skaffe pengar før dei får tatt abort, så har likevel 92% av kvinnene i USA tatt abort før veke 12.
Vi ser også at prosentdelen abortar etter veke 18 er ganske likt fordelt.

• USA (>13 veker) 8,2%, (18-20 veker) 1,8%, (>20 veker) 1,3%
• New Zealand (>13 veker) 6,2% (2019)
• England and Wales (>13 veker) 6,2%, (>18 veker) 2%
• Skottland (>13 veker) 3,8%, (>17 veker) 1%
• Sverige (>12 veker) 6,4%, (>17 veker) 1,2%
• Finland (>13 veker) 5,5%, (>17 veker) 1,9 %
• Danmark (>13 veker) 4%, (>17 veker) 1,3% (2018)
• Island (>13 veker) 6,1%, (>17 veker) 0,7% (2018) (2-5)

Litteratur:

1. Helsedirektoratet, Abort(Svangerskapsavbrudd) - veileder til forskrift. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/abort-svangerskapsavbrudd-ve…
2. Socialstyrelsen, Statistik om aborter. https://www.socialstyrelsen.se/statistik-och-data/statistik/statistikam…
3. GOV.UK, Abortion statistics in England and Wales. https://www.gov.uk/government/collections/abortion-statistics-for-engla…
4. Public Health Scotland, Termination of pregnancy statistics. https://publichealthscotland.scot/publications/termination-of-pregnancy…
5, Finnish institute of health and welfare, Induced abortions in the Nordic countries 2019. Statistical report 10/2021. https://www.julkari.fi/bitstream/handle/10024/141158/Induced_abortions_…

Published: 02.09.2021
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media