Per Skjæveland

Gunnar Nysæter, Jan Inge Sørheim Om forfatterne
Artikkel

Røntgenlege Per Skjæveland døde 22.10.2020, 87 år gammal. 

Han blei cand.med. ved Universitetet i Bergen i 1959. Fra 1961 arbeidde han ved ulike avdelingar på Haukeland universitetssjukehus, bl.a. på Radiologisk avdeling i 1964. Så var han på Radiumhospitalet før han og familien flytta til Stord, der han tok jobben som assisterande overlege (seinare avdelingsoverlege) på Radiologisk avdeling. Per arbeidde der i over 30 år, til han gjekk av som pensjonist.

Fylkessjukehuset på Stord var nyetablert som fullverdig lokalsjukehus då han kom. Det var avgjerande at kirurgisk og medisinsk avdeling hadde ei velfungerande og påliteleg røntgenavdeling ved sjukehuset. Per, som etter kvart overtok som sjef, stod for denne tenesta på ein framifrå måte, saman med dyktige sjukepleiarar, radiografar og kontorpersonell. Avdelinga hadde ei rivande utvikling i denne perioden. Per var framsynt og såg behovet for at sjukehuset sikra seg nye maskinar og hadde oppdatert personell som kunne handsama alt det nye. Ultralyd og CT blei raskt tekne i bruk. Så kom dataalderen for alvor inn i sjukehuset. Store røntgenbilete med framkalling i mørkerom blei erstatta med digital biletbehandling. Per var alltid i forkant og arbeidde ivrig også på det feltet.

Han var den av røntgenlegane som budde i nærleiken av sjukehuset. Det var difor ikkje sjeldan han vart oppringt og tilkalla på fritida dersom det var kritisk sjuke pasientar. Han var alltid villig og gjorde sitt beste i tenesta.

Han var ein god kollega, triveleg å samarbeida med. Han var svært kunnskapsrik, også utanom legevitskapen. Han var ein tenkjar, aller best lika han seg på biblioteket heime, der han kunne lesa omgitt av bøker på alle vegger.

Han hadde ein lun humor. På møte mandag morgon opna han alltid med å hengja opp avisutklipp frå lokalavisa eller kommentera at hans favorittlag Bryne hadde vunne forballkampen i helga!

Då han blei pensjonist, ville han læra seg spansk. Han drog til Bergen på forelesningar og sa at det var viktig å trimma hjernefunksjonen og intellektet sjølv om ein er blitt pensjonist.

Han let etter seg kona Arnlaug og sju barn saman med barnebarn og oldebarn. Våre tankar går til dei i sorga og saknet etter ein kjær far og ektefelle.

Vi vil minnast Per Skjæveland i takksemd for det han har betydd for familien, oss som kollegaer, Stord sjukehus, og framfor alt – alle pasientane han hadde kontakt med gjennom sitt lange legeliv.

Anbefalte artikler