Kommentar

Svar til professor Johanne Sundby

Anne Kjersti Daltveit
professor/forskar
Interessekonflikt:  Nei

Vi takkar professor Sundby for interessant kommentar som tek opp viktige spørsmål om betydning av partnaren sine ønske og stabile samliv. I kronikken er vi så vidt innom mannen si rolle ved å vise til at arbeidstid har ulik betydning for kvinner og menn og at sjansen for å få barn aukar dersom kvinna har deltidsarbeid. Statistikken viser ein nedgang i andelen norske kvinner som arbeider deltid (1). Når fleire kvinner arbeider heiltid, kan det å få barn i endå sterkare grad bli eit parprosjekt der mannen sine preferansar får meir vekt. I snitt ønsker norske menn færre barn enn det norske kvinner gjer (2), og større vekt på mannen sine ønske kan dermed bidra i retning av færre barn.

Når det gjeld samliv finn vi ingen haldepunkt for at det er trendar i retning av mindre stabile samliv enn tidlegare. I rapporten «Kunnskapsstatus om fruktbarhet og samliv» viser ein til at det er forska lite på dette, dels fordi data om sambuarar - både om å inngå sambuarskap og brot på sambuarskap - ofte ikkje er tilgjengeleg (3). Derimot ser ein ein trend der fleire menn enn kvinner endar opp som barnlause (3). Medan 86 % av mennene i 1990 hadde fått barn innan dei fylte 50 år, var tilsvarande tal 78 % i 2014. Blant kvinner er det ingen sterk trend i andelen barnlause; mellom 1980 og 2014 gjekk andelen kvinner som hadde fått barn innan dei fylte 45 år ned frå 90 % til 87 %. Menn som får barn får i snitt fleire barn enn kvinner som får barn. Dette kan, som Sundby er inne på når ho nemner partnarar med barn frå før, bidra til redusert fertilitet dersom ein mann som startar eit nytt samliv har fått oppfylt sitt ønske om barn i eit tidlegare samliv. På den andre sida kan det å starte eit nytt samliv innebere eit ønske om felles barn. Samanhangen mellom påfølgande samliv og fertilitet er imidlertid kompleks, og netto effekt er truleg vanskeleg å estimere før ein har meir komplette data på sambuarskap.

Litteratur:

1. Hamre K (red.) Dette er kvinner og menn i Norge 2018. SSB, 2018. ISBN 978-82-537-9695-6. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/dette-er-kvinne…. Lest 19.08.2020.
2. Cools S, Strøm M. Mellom arbeidsliv og familieliv: Hvilken betydning har arbeidsmarkedssituasjonen for om menn og kvinner velger å få barn? Rapport 2018/13. Institutt for samfunnsforskning, 2018. ISBN 978-82-7763-608-5.
3. Dommermuth L, Kaldager Hart R, Lappegård T, Rønsen M, Aarskog Wiik K. Kunnskapsstatus om fruktbarhet og samliv i Norge. Rapport 2015/31. SSB, 2018. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/_attachment/232…

Published: 21.08.2020
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media