Inge Jøran Hagen

Jostein Førsvoll, Martine Gilje Jaatun, Gunn Aadland, Ingvild Mikalsen, Ann Marit Gilje Om forfatterne
Artikkel

Barnelege og avdelingssjef ved Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger Inge Jøran Hagen, fødd 15. juni 1973, døydde uventa på arbeidsplassen sin mandag 9. mars 2020. Kollegiet står att i sjokk og djup sorg.

Inge vaks opp i Eikelandsosen i Fusa som eldst av tre søsken. Han studerte medisin ved Karolinska Institutet i Stockholm i perioden 1995–2000. Turnustenesta gjennomførte han ved Sentralsjukehuset i Rogaland, og kort tid etter turnus fekk han assistentlegestilling ved Barneklinikken. I 2009 fekk han stilling som overlege ved nyføddintensivavdelinga. I 2018 vart han tilsett som avdelingssjef ved Barne- og ungdomsklinikken.

Livskunstnaren Inge var alltid velkledd, med fargerike skjorter, vest og tversoversløyfe, for ikkje å gløyme sixpencen, eller panamahatten i festleg lag. Han tok gjerne med kollegaer eller jentene sine på tur i sin Saab kabriolet. Han var flink med ord, baud ofte på anekdotar frå medisinsk historie eller verdshistoria og fann ofte fram eit passande dikt til ein festtale. Sjølv nesten 20 år etter studietida kunne han slå om til stockholmsdialekt når han siterte gamle forelesarar.

Inge var opptatt av etiske spørsmål. Han hadde vidareutdanning i etikk, var eit engasjert medlem i sjukehuset sin klinisk etikk-komité og bidrog sterkt til etableringa av eit barnepalliativt team. Han praktiserte eit tenande leiarskap, med dialog og samarbeid som viktige verktøy. Når andre fekk blomstre, opplevde han det som ein siger. Inge skapte ro i avdelinga vår, og han viste veg for oss andre.

Det var lett å like Inge. Med stor omsorg for pasientar, foreldre og kollegaer utførte han arbeidet sitt både grundig og samvitsfullt. Som LIS-lege sov han med skorne på når han hadde vakt. Foreldre hugsar han som ein nær og dyktig lege. Han såg medmenneska sine og var ein god lyttar. Med glimt i auga, lun humor og eit stort smil viste han at han var glad i folk. Vi saknar dei gode og reflekterte samtalane med Inge. Han var eit klokt menneske med eit stort hjarte.

Inge sette si kjære Reidunn og dei fem jentene sine, Olivia, Sunniva, Izabel, Carmen og Rebekka, høgare enn alt anna. Vi sørger over at dei har mista ein kjær ektemann og far, og vi sørger over tapet av ein inderleg kjær kollega.

Vi lyser fred over Inge Jøran Hagen sitt minne.

På vegne av venar og kollegaer ved Barne- og ungdomsklinikken ved Stavanger universitetssjukehus

Anbefalte artikler