Kommentar

Når ein trur at ein fortel sanninga

John Petter Lindeland
Styreleiar Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon
Interessekonflikt:  Nei
Fosso Tore
Styreleiar Norske Homeopaters Landsforbund
Oslo

Retorikk er ein kunstart. I kommentarartikkelen – Homøopatisk dosering – stadfestar sjefsredaktør Are Brean at han er ein rimeleg god utøvar i så måte. Kunsten består fyrst og fremst i å ha eit einsidig fokus, helst så einsidig at du får lesaren til å fryda seg over kor mykje dumskap det er der ute. Det handlar om homøopati, sjølve inkarnasjonen av dumskap og lettlurt placeboterapeutisk tilbod.

Om ein brukte same knepet på ein forenkla karakteristikk av moderne vestleg medisin, ville det vore som fylgjer: den har ei tru om at lidinga her og nå er sjukdomen, at den er lokal og avgrensa i tid, ein brukar midlar/intervensjonar som primært motverkar eller dempar det lokale utslaget og trur at bortfallet av dette er kur og gjev betre helse på sikt. Ei slik sjukdomsforståing har lagt grunnlaget for behandlingsstrategiar som har skapt nokon av dei største økonomiske formuane me har i verda ((1). At innteninga ikkje står i stil til nytteverdien, kan ein lett finna ut ved å lesa ein del sider i Niels Christian Geelmuyden si bok Pillebefinnende – som ingen til nå har funne at fer med løgn (2). Derimot er løgn ein del av den biokjemiske farmasøytiske industrien sin kvardag, og som blant anna Frankrike, må betala dyrt i form av legemiddelskadar (3). Hadde Brean i tillegg teke med at legar i liten grad byggjer sin praksis på randomiserte kliniske studiar (4) og at mange autoriserte helseprofesjonar som driv persontilpassa behandling (5) – på lik linje med homøopatien – ikkje har overtydande dokumentasjon med tre strek under svaret. Denne rekneskapen burde Are Brean teke med i sitt retoriske innspel. Men akk, det har lite underhaldningsverdi å vera nyansert. Svart/kvite-fargetonar skapar identitet og mentale musklar overfor motpartar ein ynskjer å latterleggjera.

Me trur ikkje siste ord er sagt i denne saka. Det er nok heller ikkje legemiddelprodusenten som er den viktigaste maktfaktoren, men den vanleg franske borgaren som erfarer at homøopatisk behandling gjev gode helseeffektar. Siste ord er heller ikkje sagt når det gjeld forsking. Blant anna har den australske National Health and Research Council frigjeve den fyrste rapporten frå 2012, der dei skreiv at det var oppløftande resultat etter homøopatisk behandling for nokre diagnosar (6). Denne rapporten vart unnateke offentleg innsyn inntil nyleg. Kva kan grunnen vera til det? Den offentlege rapporten frå 2015, konkluderte med at homøopati ikkje har effekt i høve ulike sjukdomstilstandar (7).

Referanser:

1. Anderson, R. Pharmaceutical industry gets high on fat profits. BBC 06.11.2014. https://www.bbc.com/news/business-28212223
2. Archibald, K, Coleman, R, Foster, C et al. Open letter to UK Prime Minister David Cameron and Health Secretary Andrew Lanseley on safety of medicines. https://www.thelancet.com/journals/lancet/article/PIIS0140-6736(11)6080…
3. Geelmuyden, N. C. Pillebefinnende 2018:21, 34, 41, 42, 49, 54. Oslo:Cappelen Damm
4. Skeem, M. Overlæge: "Vi mangler god evidens for effekten af de behandlinger, vi tilbyder. Det er et kæmpe problem". Sundhetspolitisk Tidsskrift 29.03.2019. https://sundhedspolitisktidsskrift.dk/nyheder/1992-overlaege-vi-mangler…
5. Hanger, M R. Forskere vet lite om fysioterapi: Nå skal de finne ut hvordan det går med pasientene. Forskning.no 27.12.2018. https://forskning.no/fysioterapi/forskere-vet-lite-om-fysioterapi-na-sk…
6. The Effectiveness of Homeopathy: An overview review of secondary evidence. University of South Australia: International Centre for Allied Health Evidence (iCAHE), 2012. https://www.hri-research.org/wp-content/uploads/2019/08/Draft-annotated…
7. Homeopathy Research Institute. The Australian Report. https://www.hri-research.org/resources/homeopathy-the-debate/the-austra…

Published: 02.09.2019
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media