Kommentar

Dokter = lege/lækjar

Marit Hovdenak
seniorrådgjevar
Interessekonflikt:  Nei

Vi synest det er grunn til å knyte ein kommentar til diskusjonen om forkortinga «dr.» for «doktor» i norsk. I nynorsk kan ein lege/lækjar kalle seg «dokter», mens «doktor» er for dei som har teke doktorgraden. Innanfor nynorsk rettskriving er dermed «doktor» eintydig.

Eit søk i n-gramtenesta til Nasjonalbiblioteket i nynorske bøker etter 1900 viser at «lege» heile tida har vore det vanlegaste ordet, og at «dokter» har vore noko brukt, men mykje mindre (1).

Litteratur
1. Lege, lækjar, dokter, doktor. I: NB N-gram beta. Nasjonalbiblioteket.
http://www.nb.no/sp_tjenester/beta/ngram_1/#ngram/query?terms=lege%2C+l%C3%A6kjar%2C+dokter%2C+doktor&lang=nno&case_sens=0&freq=rel&corpus=bok (9.11.2016)

Publisert: 10.11.2016