Alt for barna

Ingebjørn Bleidvin Om forfatteren

– Oppgåva til ein barnelege er å optimalisere oppveksttilhøva. Denne vide og kompromisslause tolkinga av samfunnsoppdraget har ført Anne-Lise Bjørke Monsen ut i strid med statens ammeråd, kosthaldsråd og den norske oppdrettsnæringa.

Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix

– Me har lam kvart andre år. Det er forferdeleg å selje dei til slakting. Dei er veldig fine.

Anne-Lise Bjørke Monsen og mannen har villsauer på morsgarden hennar i Ålfjorden på Haugalandet. Dei reiser ned dit kvar helg, men ho har berre vore involvert i slakting av sauene ein einaste gong. Då gjorde ho det til gjengjeld skikkeleg: Ho henta dei ferdig preparerte skrottane på slakteriet, stappa dei inn i den knøttvesle Citroën 2CV-en sin og køyrde heile lasta til Lysverket, ein av dei beste restaurantane i Noreg. – Kokkane kjøpte heile partiet. Men fyrst var dei ut på trappa for å knipse eit foto av denne litt merkverdige lasta.

Episoden er karakteristisk for Bjørke Monsen. Ho gjer ikkje ting halvveis. Med ein nesten tankelaus omsut gjer ho det som må til, det som ho meiner er riktig. – Det er viktig at ein gjer ting skikkeleg, er noko ho skal seie fleire gonger denne kvelden.

Klokka har knapt bikka stengetid i barnehagane, men Monsen har allereie klart risotto og kylling til intervjuar, fotograf og ektemannen Guttorm Jenssen, som er intervensjonsradiolog. Kjøkenet i det gamle, store huset like ved Haukeland er ikkje designa for høgda til Monsen, men ho er opp og ned på ein krakk, hentar ting i skåpa, rører i gryta og er godt i gang med ein samtale før ytterdøra er att.

Søvngjengar

Forskaren og barnelegen, så engasjert og pratsom som berre ein erkebergensar kan vere, har etter kvart ein lang og ganske intens karriere bak seg. Det har ikkje alltid vore tid til å drive med sau og lage risotto på ekte italiensk vis etter jobben. Etter turnustenesta, då ho var småbarnsmor i arbeid på barneklinikken på St. Olavs hospital, var livet annleis.

– Då eg kom heim frå døgnvakt, gjekk Guttorm på vakt. Me hadde to små ungar, og eg berre gjekk og trilla dei ute. Det var einaste måten eg klarte å halde meg vaken på. Det var ikkje verdt det. Ein trur ein må vere så rask for å få desse jobbane og følgje karrieresporet. Ein torer ikkje vere heime ekstra. Den gong fekk ein jo heller aldri forlenga vikariatet om ein var gravid. Heldigvis er det ikkje slik i dag.

Dette hintet av anger er noko utypisk for Bjørke Monsen, som elles synest å ha møtt det meste av både problem og mogelegheiter med ei fjellstø «rett på»-haldning.

Den eldste dattera deira har ei utviklingshemming og har mellom anna svært nedsatt høyrsle. Ein viktig grunn for å flytte heim til Bergen var den anerkjente døveskulen som ligg der. Bjørke Monsen sjølv begynte på barneklinikken og vart kasta ut i det.

– Andre dagen på jobb hadde eg vakt. Eg var heilt aleine. Eg hadde KK med fødslane, nyfødtintensiv og mottak. Eg låg ti centimeter over senga på vakt, livredd.

Det kunne halde hardt innimellom, men om pasientane er tryggare no enn då, er ho ikkje heilt sikker på. – Me jobba grådig mykje, så me vart jo flinke. Me fekk meir trening enn dagens unge legar gjer. De har betre arbeidstidstilhøve no enn me hadde, men ikkje same autonomien, trur eg.

Det tyngste faget

Den tyngste delen av karrieren hennar har utan tvil vore tida innan pediatrisk onkologi. Då den eine kollegaen døydde kort tid etter at ho starta og den andre tok ein timeout i form av jordomsegling, vart ho heilt aleine med jobben.

– Det er veldig vanskeleg, både fagleg og menneskeleg. Nokre diagnosar har ein kun ein handfull av i Noreg eller Europa over fleire år. Heile familien kjem så tett på. Ein behandlar barn mykje tøffare enn vaksne og balanserar heile tida på ein knivsegg. Enten kan ein ta knekken på dei med behandlinga eller dei kan døy av sjukdommen. Det er nok den vanskelegaste delen av pediatrien. Kanskje den vanskelegaste i heile medisinfaget.

Både familie og kollegaer merka at jobben forsynte seg kraftig av både humør og krefter.

– Eg kom aldri heim før halv åtte, kvar einaste dag. Eg låg og gjekk gjennom kurane i hovudet om natta. Hadde eg rekna riktig? Og uansett kva me gjorde, døydde 20 – 30 % av pasientane. Då var det godt å skifte stilling og kome tilbake på laben. Det er utruleg kor forskjellig det er. På barneklinikken spring ein verkeleg. Ein spring ikkje på laben, der kan ein sitje og tenke og gjere ferdig det ein jobbar med.

Favorittvitaminet

Stillesitting er ikkje det fyrste ein tenkjer på i selskap med Bjørke Monsen. Som mange andre effektive menneske søv ho lite («Eg klarar meg fint med fem-seks timar») og ho kastar ikkje bort tida si («Det er vel rundt seks år sidan eg såg på TV sist. Det var ingenting å sjå på, berre sånne skrekkelege realitygreier»). Fyrst og fremst kjem imidlertid resultata hennar frå rein entusiasme.

– Eg har jobba masse, rett og slett fordi likar det så godt. Eg elskar statistikk! Ein blir jo til slutt heilt besatt av den der forskinga. Det var kanskje det som fekk meg gjennom dei travle periodane. Spesielt arbeidet med vitamin B12, då. Det er favorittvitaminet mitt.

Bjørke Monsen kan snakke om B12 inn i dei små timar. Etter fyrst å ha påvist at både premature og normale barn har ein biokjemisk B12-mangel ein periode etter fødselen, gjekk ho og kollegaene vidare. Dei viste at B12-tilskot i spedbarnsperioden hadde klart positiv effekt på den motoriske utviklinga.

Forskinga på B12 har også ført Bjørke Monsen inn i debatt om ammeråda til norske myndigheter og WHO. Ho meiner at mellom anna B12-mangel er ein grunn til ikkje å fullamme barn i seks månader, slik anbefalinga er.

Ikkje naturleg

– Ein kollega sa til meg: «Det kan jo ikkje vere noko gale med amming, Anne-Lise, det er jo det mest naturlege som finst.» Men poenget er at me ikkje lever i ei naturleg verd. Me er heilt supersterile. Me har fjerna oss frå vår naturlege epitop. Afrikanske kvinner et faktisk jord når dei er gravide, men ikkje kva som helst jord. Ho er nøye utvald, gjerne teke frå termittuer, fortel ho.

– Me budde eit halvår i New York då eg hadde overlegeperm på Columbia University. I butikkar i Harlem kunne ein kjøpe slik jord, men det var mykje mystikk rundt det. Dei gøymde ho bak hyllene i hemmelege skåp.

– Det høyrest jo heilt sprøtt ut når eg seier dette, sant? Plukkar du opp grus frå gata og et han, er du sjølvsagt galen. Men det eg trur er eit poeng, er at me ikkje er genetisk annleis enn for hundre tusen år sidan. Ikkje i nokon kultur før oss har dei praktisert eksklusiv amming så lenge som me gjer. Det har dels vore ansett som farleg. Morsmjølk er ikkje fullverdig føde. No har me gjort ein studie som viser at den motoriske utviklinga er omvendt proporsjonal med kor lenge barnet er amma. Denne er problematisk for fleire. Me har fått flotte omtalar, men det er vanskelig å publisere slikt. Det er for kontroversielt.

Rett på

Rett på-haldninga har også prega forskarkarrieren.

«Ofte må ein hjelpe kandidatar med å finne eit prosjekt. Anne-Lise kom og hadde alt klart,» fortel doktorgradsrettleiaren hennar, Magne Ueland. «Problemstilling, plan, finansiering, alt saman. Og framleis er ho involvert i alle delar av forskinga. Tek blodprøvar, sjonglerar med statistikken. Ho er fenomenalt engasjert. Og så er ho veldig direkte, ho seier det slik ho ser det.»

Klar tale og intens jobbing med eigne prosjekt er ikkje alltid oppskrifta på å kome seg opp og fram i universitetssystemet, noko Bjørke Monsen sjølv er fullt klar over.

– Det er klart at om du vil opp og fram i slike system, må du vere bevisst på din eigen PR. Det er ikkje eg. Mykje handlar om å få inn pengar, vere synleg, vere strategisk. Det er ikkje alltid desse tinga er hundre prosent korrelert til at det som kjem ut på den andre sida, er fantastisk bra vitskapleg sett, seier ho.

– Eg er veldig oppteken av at ein skal gjere jobben skikkeleg og grundig. For meg handlar det til sjuande og sist om at ein i alle fall skal ta vare på ungar. Det er det som er oppgåva til ein barnelege – å optimalisere oppveksttilhøva. Det er ganske enkelt: Eg trur rett og slett ikkje det er bra for barnet berre å bli amma. Då må eg seie frå. Det er for så vidt ein streit, vitskapleg debatt. Då var det noko anna med den laksesaka.

Issues management plan

«Laksesaka» refererar til sommaren 2013, då Bjørke Monsen og kollega Bjørn Bolann havna på framsida av VG med ein advarsel om at gravide, barn og unge burde halde seg unna oppdrettsfisk.

– Me hadde hatt intervjuet, og så gjekk det eit par veker. Eg stod på Gardermoen og skulle på flyet til New York. VG ringte og sa «det kjem i morgon». Så vakna eg i New York og slo på telefonen, og der var det ein million ubesvarte anrop.

I avisa Nordlys kunne ein seinare lese om korleis Norges sjømatråd hadde reagert. Dei sju tilsette i kommunikasjonsstaben samla seg i krisemøte same morgon og aktiverte sin «issues management plan» for å beskytte den verdifulle merkevara norsk laks etter kvart har blitt. Dei jobba sekstentimarsdagar, overvaka sosiale medium, sende ut pressemeldingar og koordinerte med dei tolv utanlandskontora sine.

– Eg meiner det var eit heilt adekvat utspel. Mange andre har sagt tilsvarande ting. Også vitskapskomiteen sa allereie for nokre år sidan at enkelte burde begrense inntaket av oppdrettsfisk. Ja, det rammar store økonomiske interesser, men barn er barn. Desse miljøgiftene er assosiert med autisme, redusert kognitiv utvikling og så vidare. At ein utset den mest sårbare delen av befolkninga for potensiell fare, det kan ikkje ein barnelege la vere å seie frå om, meiner eg.

Naturvitaren

Med alt snakket om naturleg oppvekstmiljø, sunn mat og gardsdrift på si kan ein fort få inntrykk av at ein i Anne-Lise Bjørke Monsen har føre seg ein hippie i kvit frakk. Heilt uriktig er det ikkje: – Eg var heilt hippie i klesvegen då eg starta på studiet. Ei venninne måtte nærast dra meg med på shopping for å få på meg normale klede. Eg forlét klesstilen, Men eg forlét kanskje ikkje alle standpunkta, he he.

Det er likevel forskaren som får siste ord, som står for grunnlaget: Det er den klassiske naturvitarnyfikna som har ført ho inn i desse spørsmåla.

Ikkje for alle

– No er det slik at alle skal drive forsking. Eg trur ikkje alle bør gjere det. Ta Guttorm, han er intervensjonsradiolog. Ryk aorta, kan han setje inn graft. Det kan du ikkje om du har stått på ein lab i ti år. Og ein får heller ikkje forskarar som er kjempegode om dei skal bruke tid på å lære seg det han kan. Eg er no pediater ein dag i veka på Volvat. Eg likar ungar, eg likar å vere i lag med pasientar, og det er fagleg viktig for meg å ha den kontakten. Men det går ikkje an å kombinere ein forskarkarriere med ein klinikarkarriere på høgt nivå.

Ho er skeptisk til det uformelle kravet ein i praksis har på større norske sjukehus om at alle overlegar må ha doktorgrad.

– Det skapar doktorgrader som blir litt samlebandsaktige. Det er grenser for kor mange gonger ein treng prøve ein hypotese. Det fundamentale i god forsking er interesse og evne til å tenkje nytt. Det blir nesten gløymt. Og om ein tykkjer at den noverande kunnskapen eller praksisen ikkje er riktig, må ein tore å ta fighten. Ein må tore å seie: «Eg har rett. Eg veit at eg har rett.»

Tenke nytt

Ho lever ikkje lenger fullt så travelt som før. Tidlegare hadde dei to vaktjobbar, hund, tre barn i huset og i tillegg ansvar for to hestar («Det var meir arbeid og dyrare enn barnehagebarn»). Dei to yngste barna er no i startgropa av deira eiga legegjerning. Sjølv om Anne-Lise Bjørke Monsen vedgår at ho starta på medisin fordi ho hadde gode nok karakterar, er ho ikkje i tvil om det var eit riktig val. Og ho treng ikkje tenke seg om for å svare på kva som er drivkrafta som gjer at ho framleis held på:

– Eg likar på ein måte å finne ut ting, då. Å gjere og tenke det same som alle andre, det er jo ikkje noko artig.

Anne-Lise Bjørke Monsen

Fødd 26.10. 1959 i Bergen

  • Turnus i Haugesund (sjukehus) og Harstad (distrikt)

  • Klinisk kjemisk avdeling, Barneavdelingen og Hematologisk avdeling ved Regionsykehuset i Trondheim i 1988 – 92

  • Barneklinikken i Bergen 1992 – 2005

  • Laboratorium for klinisk biokjemi frå 2005

  • Doktorgrad frå Universitetet i Bergen 2001

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler