Maritim ballast
Ein CV lang som eit vondt år vitnar om ein uvanleg stor arbeidskapasitet.
– Det skuldast nok at eg har vore velsigna med eit uvanleg godt sovehjarte, fortel han, – det har eg etter mor mi, og rimeleg god helse. Eg har rett nok levd halve livet på blodtrykksmedisin, og dei siste par åra har eg i tillegg gått med moderat atrieflimmer. Men dette har ikkje sett grenser for kva eg kan gjere.
Han hentar fram eit innramma sitat som han plukka med seg frå New York, og som han alltid sidan har hatt hengande på kontoret sitt: «Happy are those who dream dreams and are ready to pay the prize to make them come true.»
– Det har alltid ein pris å jobbe for noko, seier han.
– Kva pris har du betalt?
Han nøler.
– Eg har ofra noko av familielivet. Sjølv om eg har forsøkt å halde bra kvalitet på det som vi har gjort saman, til dømes på hyttene vi skrapa saman til, på fjellet i Ål og ein holme i Mefjorden. Men kona mi har vore fantastisk og klart mykje åleine.
– Og eg kunne nok ha vore ein betre far, legg han ettertenksamt til. Det er sånt som ein kan tenke på – i etterkant.
Med tung maritim ballast i familiehistoria var det ikkje sjølvsagt at Natvig skulle hamne i medisinfaget. Far hans var forretningsmann, men råda sonen til å ta realgymnas for å halde alle moglegheiter opne. Og dermed vart det medisin. Militærteneste som marinelege førte han til Bergen og Marineholmen, der Sjøforsvaret heldt til på den tida.
– Håkonsvern vart oppretta etter mi tid, eg er forhistorisk, ler han hjarteleg. – Det vart til at eg søkte assistentlegestilling på Gades Institutt, hos professor Waaler, verdskjent for å ha oppdaga revmatoid faktor. Der gjorde eg obduksjonar og slikt, men vart oppmoda av Olav Tønder til å utføre eit doktorgradsarbeid ved Broegelmanns forskningslaboratorium, som var kjernen i det immunologiske miljøet i Bergen.
Han hentar fram eit gamalt fotografi frå doktormiddagen sin heime i Øvrelia i Bergen. Rundt bordet sit menn i kjole og kvitt, damer med fjonge 60-talskjolar og frisert hår. Ivrig konverserande, ser det ut til.
– Dette er kona mi Harriet, han peikar, – ho er frå Kristiansund, vi møttest i Nordmarkskapellet, der eg leia ein kristen arbeidsleir for studentar. I turnustenesta hamna eg på Orkdal sjukehus og Averøya i distrikt, så då utvikla forholdet seg vidare.
– Vi har halde saman i 55 år, fortel han vidare. – Fire barn fekk vi, tre jenter og ein gut, no har vi i tillegg fire svigerbarn, 13 barnebarn og eit oldebarn. Stolt hentar han fram eit nytt fotografi der heile familien er samla.
Historisk interessert som han er, fortel Natvig levande og engasjert om familiebakgrunnen sin, generasjonar tilbake. Foreldra var vestlendingar, mora frå Bergen og far frå Stavanger. Tippoldefaren hans, Sjur Flage, kom frå ein husmannsplass på Bulken ved Voss og reiste ned til Bergen. Han var ein drivande fyr, vart godt gift og starta Flageverftet på Laksevåg. Morfaren vart skipsingeniør på Bergens Mekaniske Verksted. Tippoldefaren på farssida, Tomas Natvig, var skipper hos Kielland. Seinare blei han losoldermann og stortingsmann.
– Mange har sagt at han var ein av modellane for Skipper Worse, med den kjente replikken «Vi kommer sent, herr kunsel, men vi kommer godt», då han førte barken Ledaal trygt heim frå Sør-Amerika. Med denne familiehistoria måtte det bli militærteneste i marinen for meg, fortel han.
– Men det som kanskje har sett sterkast spor hos meg i den nære familien, er at mor mi mista si mor i barselfeber då ho vart fødd i 1907. Så ho fekk aldri sjå mor si. Ho var første barnet. Mor mi var prega av dette. Sjølv fekk ho fem barn og var veldig tett knytt til barna sine. Ho tok seg av oss på ein eineståande måte. Mor fødde meg på Rikshospitalet og skreiv der eit nydeleg brev til si mors syster at ho først no forstod kor grusamt det måtte vere for mor hennar å døy frå sitt nyfødde barn.