Kommentar

En pioners ettermæle

Einar Sudmann
Sivlevegen 2, 5703 Voss
Interessekonflikt:  Nei

Me takkar Korvald og Blom for deira kommentarar. Me er einige i at Tor Christiansen gjorde eit pionerarbeid ved å konstruere ein ny protese.

Christiansen fann ikkje berre på nye tekniske løysingar, men han nølte ikkje med å ta dei i bruk i klinikken. Tanken vår med artikkelen var å sikra kunnskap om denne utviklinga for ettertida, og ikkje minst å drøfta dei vanskelege vala konstruktøren måtte gjera. Hans kongstanke var å laga ein hemiprotese der metallhoftekula ved vanleg gange rørde seg lite mot leddbrusken i hoftskåla, men vesentleg i tappleddet - eit ledd mellom hoftekula av metall og ein sylinderisk tapp på proteseskaftet. Etter vårt syn valde han den ideelle tapp-skaft-vinkelen på 115°. Men Korvald og Blom ser ut til å meina at dette valet var uheldig, «collum-tapp vinkel - 115 grader mot i dag 135 grader». Rett nok ville ein tapp-skaft-vinkel på 135° gjeva kula større stabilitet på tappen, for di større vinkel, di større stabilitet. Men di større vinkel di meir ville kula gnu mot brusken i hofteskåla ved vanleg gange. Då ville heile vitsen med tapp-lageret verta borte.

Engelskmannen John Charnley vart adla for sitt pionerarbeid med å konstruere «Charnely protesen» som viste seg å gi svært gode langtidresultat. Føremålet vårt med ein historisk artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening (1) var å heidra Christiansen for hans imponerande pionerarbeid, men me må retrospektivt ha lov til å påpeika val han gjorde som kan vera med å forklara kvifor hans protese måtte reviderast oftare enn dagens protesar.

Einar Sudmann

Knut Rasmus Ramstad

Lars Birger Engesæter

1. Sudmann E, Ramstad KR, Engesaeter LB. Christiansens kunstige hofteledd - kva var det som gjekk gale? Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 2513-7.

Published: 13.09.2016
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media