Kjære student, professor, LIS-lege eller overlege

Bjørg Bakke Om forfatteren
Artikkel

Student! Ikkje tenk på det du skulle ha lest. Overlege! Ikkje tenk på budsjettet som ikkje går opp. LIS-lege! Ikkje tenk på vikariatet som går ut neste veke.

Bjørg Bakke er leder i Norsk medisinstudentforening. Foto Lise B. Johannessen

Nå skal du lese dette, så kan du gruble etterpå.

Kanskje får du ikkje omgjort fakultet som vil innføre karakterar – så lag gode miljø på studiet. Miljø der fellesskap og god læring gjer at alle får gode karakterar. Kanskje du arbeider på sjukehus, kjenner deg litt lei av å ha gått i midlertidig stilling i 10 år og framleis ikkje ser den faste stillinga lokke i horisonten. Vel, kan du ikkje lage ein sosial kveld med gravøl nokre gonger i månaden, da? Så kan dykk bruke det til noko positivt. Vikar-øl! Bruk kontrakten som øl-brikke viss det hjelper.

Du som har ansvar for alle på avdelinga, når gjorde dykk sist noko hyggeleg saman? Før alle sprang ut frå avdelinga? Set av ti obligatoriske minutt på morgonmøte, mellom pasientcasene. Der nokon skal underhalde – skrive eit kåseri, eit dikt, ein fyllehistorie, synge ein trall – noko artig. Som får folk til å le. Får folk til å kose seg på jobb saman med kollegaene sine. Så kan dykk kanskje bli litt betre kjent, også under overflaten av den kvite frakken.

Me har alle ansvar for å skape den verda me vil ha. Dei omgivnadane me ynskjer å vere i, og dermed påverke dei rundt oss på best mogleg vis. Fyrst då, kan kanskje gleda av å arbeide i helsevesenet kome fram. Fellesskap og vennskap der folk spelar på lag – ikkje kjempar mot kvarandre i kampen for meir fri, meir peng og betre stilling.

Me må kanskje byrje å tenke ein til ein. Ignorere politikarar, forskrifter, tentative kroner og utopiske verder, så kan me kanskje skape eit fellesskap som i seg sjølv vil medføre den endringa mange så sårt ynskjer. Pasienten får det ikkje betre før dei som arbeider i helsevesenet får det betre. Og det skjer ikkje ved meir ressursar – det skjer ved å endre tankegangen din og min. Komplisera problem har ofte enkle løysingar, som saman endrar biletet.

Ikkje ver som dei andre, gjer noko positivt, så vil systemet me arbeider i og nyttar mesteparten av livet i – det vil bli hyggelegare. Det vil gjere at folk presterar betre og senkar skuldrane.

Legg frå deg mobilen av og til. Sjå på folka rundt deg. Få nokon til å le. Ta ei god matpause. Pasientar vil også ha blide legar. Livet skal vere gøy. Eksamenar kjem og gjeng. Du kan gløyme dei, stryke på dei, gjere det bra og dårleg, men i det store spelet er dei ikkje meir verdt enn ein drope i havet.

Livet er vel eigentleg samspelet med andre menneske – ikkje med datamaskina føre deg, herr og fru doktor.

Lykke til med livet. Gjer det beste ut av det, enten du er 21 eller 61.

PS: Nå kan du gruble igjen, viss du absolutt vil.

Anbefalte artikler