Kommentar

Legevaktlegen:

Sverre Rørtveit
Bekkjarvik legekontor
Interessekonflikt:  Nei

Petter G. Kindt og medarbeidarar har skrive ein viktig kommentarartikkel, der eg likevel ikkje er enig i alt. Dei beskriv reelle problem, først og fremst om manglande involvering frå legevaktlegane i dei akuttmedisinske tilstandane, og at legane alt for ofte overlet til ambulansepersonell å utføra diagnostikk, behandling og destinasjon for vidare transport.

Forfattarane stiller det essensielle spørsmålet: “Ønsker vi i fremtiden en stasjonær legevaktlege som distanserer seg fra prehospital akuttmedisin og overlater svaret til ambulansetjenesten?" Dei skisserer så nokre handlingsalternativ for organisering av respektive legevaktene (dersom svaret skulle vera nei) og for utdannning og kompetanseformalisering for ambulansepersonell (dersom svaret skulle vera ja).

Hovudproblemet mitt med artikkelen deira er at det ser ut til at svaret deira er “ja": “Basert på vår erfaring mener vi dette er veien å gå", skriv dei, og det ser ut til at dette peiker attende på auka utdanningsnivå, kompetanseheving og formell forskriftsfesting av ambulansenivået.

Mi meining er tvert om at eg IKKJE ønsker den stasjonære legevaktlegen som distanserer seg frå akuttmedisinen, og vil kort grunngje det slik:

Frå min kommune, Austevoll i Hordaland, har me publisert to artiklar som beskriv alle akuttmedisinske hendingar i kommunen, i toårsperioden 2005-2007 (1,2). I kommunen vår er den medisinske tradisjonen slik at både lege og ambulanseteneste tek del i alle akuttsituasjonar. Av enkelte viktige funn vil eg nevna at antalet diagnoser ved dei 236 akutthendingane som legen vurderte , var 62. Med andre ord er den udifferensierte akuttmedisinen ved helsepersonellet sin første kontakt med pasienten, ein svært variert arena. Den innskrenkar seg ikkje til eit fåtal kjernetilstandar, der intensiv trening i prosedyrer er det som er viktig. At mange akutte situasjonar er prega av diffus og raskt endrande symptomatologi, gjer at ein generelt høg medisinsk kompetanse er viktig for å gjera rette handlingar og få pasienten til rett nivå.

Eit anna funn gjeld den endring av alvorsvurdering som skjer i forløpet av ein akuttmedisinsk aksjon. I vårt materiale nedgraderte legen den initiale alvorsvurderinga ved meldingsmottaket i 43% av tilfella, då ho eller han faktisk fekk undersøkt pasienten. Med andre ord er det behov for ein høg grad av diagnostisk utelukkingskompetanse i den prehospitale akuttmedisinen. Kanskje like viktig er det at alvorsgraderinga vart auka i 11% av tilfella. Det viktige for å kunna forstå eller gjenkjenna at ein tilstand er meir alvorleg enn ein først hadde tenkt, er å ha generelt gode medisinske kunnskapar.

Eg synes at berre det å kunna identifisera denne triaden av ein prehospital akuttmedisin prega av stor differensiering, hyppig nedjustering av situasjonsalvor og ein signifikant viktig frekvens av alvorsoppjustering og dei høge krav til medisinsk kompetanse som dette stiller for oss, burde vera nok til å forstå at den medisinske profesjonen, legen, er essensiell i akuttsituasjonane.

Dersom ambulansepersonell skal få ei utdanning og ein kompetanse i desse vurderingane, så trengst det i røynda eit nivå nesten opp til den medisinske fagprofesjonen, me ville då trenga ein “nesten-lege"-profesjon. Det finnest ikkje noko datamateriale som beskriv variasjonen av utdanings- og kompetansenivå hos ambulansearbeidarar. Realiteten er nok at den høge kompetansen som mange legar skulle ønska at skulle finnast i ambulansetenesta, i mange tilfelle ikkje er der, og at det er slik til lenger ein kjem frå landet sine geografiske sentra. Nesten-lege-ambulansearbeidaren vil aldri komma til å bli hyppig forekommande i utkantane.

Nytt av dei siste år er at allmennpraktiserande legar som vil bli spesialist i allmennmedisin, blir pålagt å ta eit kurs i akuttmedisin. Kva er grunnen til dette, om ikkje akkurat at legane faktisk må ta sitt ansvar for akuttmedisinen prehospitalt? Alle dei fire medisinske fakulteta i landet har fått sin akuttmedisinske studentforening, som arbeider m.a. med å få inn grunnleggande undervisning i akuttmedisin på den generelle studieplanen. Kva skulle vera grunnlaget for dette, om ikkje nettopp at dei framtidige legane ser på det å kunna yta ein innsats i dei dramatiske hendingane som skjer i samfunnet rundt dei, som naturleg, slik det har vore for legeyrket i alle historiske epokar?

Referansar: 1) Rørtveit S, Hunskår S. Akuttmedisinske hendingar i ein utkantkommune. Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129:738-42

2) Rørtveit S, Hunskår S. Akuttmedisinsk handsaming i ein utkantkommune. Tidsskr Nor Legeforen 2009; 129:735-7

Published: 12.06.2013
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media