Minneord

Artikkel

Lars Mygland

Ein god ven og kollega, Lars Mygland, er gått bort. Det var ei sår melding å få, men ho kom ikkje uventa. Han hadde slite med dårleg helse gjennom mange år. Han var fødd i 1939.

 Lars var det meste av sitt yrkesaktive liv privatpraktiserande lege i Kristiansand. Han var ein dyktig og kunnskapsrik lege – han spara seg aldri og brukte ofte mykje tid på pasientar med psykiske eller sosiale problem. Eller på sjukebesøk til slike som hadde vondt for å kome seg ut.

Elles brukte Lars mykje av si travle tid til gratisarbeid, mellom anna som støttelege for kolleger. Her gjorde han ein pionerinnsats, heldt mange foredrag og tok initiativ til oppstart av kollegialt støttearbeid på landsbasis. Han brukte mykje tid på ubetalt arbeid, bl.a. kollegasamtalar, og opplevde det som ekstra urimeleg då han for 18 år sidan vart arrestert, mistenkt for trygdesvindel – dette trass i at kolleger med mykje mindre arbeidstid tente langt meir enn han. For Lars var legearbeidet alltid viktigare enn å bruke tid bak skrivebordet for å kunne dokumentere rubb og rake.

Då han endeleg vart frikjend for svindel i Lagmannsretten, var han knekt, både fysisk og psykisk. Han sleit med angst og depresjonar etter arrestasjonen, og etter nokre år måtte han gje opp legeyrket. Første etter eit opphald på Modum, der han tok del i eit spesialopplegg for pasientar med posttraumatiske plager, fekk han hjelp til å kome seg på fote att. Både angsten og depresjonen var borte dei siste leveåra.

Lars var ein eminent kåsør og foredragshaldar. Han vart nytta mange stader og i mange samanhengar. Kunnstapsrik som han var, og med ei fantastisk formuleringsevne, hadde han alltid noko viktig å seie. Manuskript visste han snautt kva var, og i hans tilfelle var dette ein styrke – det vart betre rom for viktige digresjonar, humoristiske innfall og formuleringar, gjerne sjølvironiske.

Hans sterke humoristiske sans kom til uttrykk i form av understatements og elles på mange måtar, og det hjelpte han nok i mange tunge stunder. Humor var på mange måtar hans kjennemerke, saman med hans kristne livssyn. Dette var i alle år rettesnor for han.

Lars var eit unntaksmenneske, fødd til feil tid – i ei tid der det å passe på formalitetar kan synast viktigare enn kva ein gjer. Men vi er mange – svært mange – som saman med hans fine familie minnest det gode mennesket Lars med glede og med takksemd over at han var til.

Anbefalte artikler