Kommentar

Behandling med immunglobulin kompliserer tolking av serologi

Dag Tveitnes
Barneklinikken, Stavanger Universitetssykehus
Interessekonflikt:  Nei

Vi takkar for ei tankevekkande sjukehistorie frå barneklinikken i Fredrikstad (1), der konklusjonen var at pasienten hadde skogflåttencefalitt (tickborne encephalitis, TBE). Sjukehistoria illustrerer kor vanskeleg det kan vera å skilja infeksiøs frå autoimmun inflammasjon i nervesystemet, slik det vert poengtert i kommentaren frå Ljøstad og Mygland (2).
I klinikken vert dette ytterlegare komplisert når ein har brukt intravenøst immunglobulin (IVIG) i behandlinga, som i dette tilfellet. IVIG-preparat inneheld ei rekke ulike antistoff, og preparat tilverka i Europa er rapportert å kunne innehalda varierande mengd TBE-virus-antistoff (3). Etter slik behandling vil ein kunne finna falsk positive serologiske testar både for mikrobe-antistoff og for auto-antistoff (4, 5).
Ved serologisk diagnostikk av TBE vert positiv IgM åleine vurdert som eit usikkert funn, og det vert tilrådd oppfølgingsprøvar for å påvise serokonversjon for spesifikt IgG (6). Dette var gjort hos denne pasienten og serokonversjon vart påvist.
Kan den observerte tilkomsten av anti-TBE-IgG her skuldast infusjon av IVIG i tida mellom dei to prøvane?

1. Gauer K, Helgestad KI, Wirsching C et al. En tenåring med smerter, dobbeltsyn pg ustø gange. Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 422-5.
2. Ljostad U, Mygland A. Et virus på fremmarsj. Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133: 426.
3. Rabel PO, Planitzer CB, Farcet MR et al. Tick-borne encephalitis virus-neutralizing antibodies in different immunoglobulin preparations. Clin Vaccine Immunol 2012; 19: 623-5.
4. Arnold DM, Crowther MA, Meyer RM et al. Misleading hepatitis B test results due to intravenous immunoglobulin administration: implications for a clinical trial of rituximab in immune thrombocytopenia. Transfusion 2010; 50: 2577-81.
5. de Beer F, Schreurs MW, Foncke EM. False positive autoantibodies to glutamic acid decarboxylase in opsoclonus-myoclonus-ataxia syndrome after intravenous treatment with immunoglobulin. Clin Neurol Neurosurg 2009; 111: 643-4.
6. Holzmann H. Diagnosis of tick-borne encephalitis. Vaccine 2003; 21 Suppl 1: S36-40.

Published: 24.02.2013
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media