Medarbeidarsamtalen

Lisbeth Homlong Om forfatteren
Artikkel

Det har blitt sagt at forskjellen mellom den gode og den dårlege helsesekretæren er som forskjellen mellom himmel og helvete. Fallhøgda er stor når medarbeidaren ikkje fyller si rolle. Tove Gurine Rød Rutle, som er hennar fulle namn, har brukt eit halvt yrkesliv på å synleggjere yrkesgruppa si. Men ho er ikkje i mål enno.

Foto Einar Nilsen

Då eg for ei tid tilbake sendte ein førespurnad til Tove Rutle om ho kunne tenkje seg å stille til eit portrettintervju i Tidsskriftet, kunne eg ane ein viss skepsis.

– Det kan nok stemme, stadfestar 64-åringen, medan ho ordnar med kaffi og kanelsnurrar på kjøkkenet. Etter at ho har lagt på eit ekstra lag raudfarga leppestift framfor spegelen i gangen. Som vanleg er ho velkledd og nyfrisert. – Eg er eigentleg ikkje så interessant som person og ville ikkje at det skulle handle om meg. Men den gruppa eg identifiserer meg med, derimot, den vil eg gjerne snakke om! Vi helsesekretærar er ei viktig gruppe. Og eg ville bli veldig glad dersom medarbeidarane kunne løftast fram i dette intervjuet, seier ho.

Tove er ei høgreist og stolt dame. Eit uvanleg menneske, seier ei god venninne. Ein kjenner seg ivareteken i Tove sin nærleik, ho er ein inspirator og løftar folk fram. Ho har hatt eit sterkt, langvarig engasjement for primærhelsetenesta – og for medarbeidarar i allmennpraksis spesielt. Ei gruppe som er heilt avgjerande for ei velfungerande primærhelseteneste – og ei gruppe som ofte vert usynleggjort.

Då er det ein smule paradoksalt at ho no forsøker å bagatellisere sin eigen innsats i feltet, tenkjer eg. Det er det ingen grunn til.

Mangel på respekt

– Kva er du mest oppteken av når det gjeld medarbeidaren si rolle i primærhelsetenesta?

– Hovudkritikken min mot allmennlegar og medarbeidarar har vore følgjande: legane er ikkje flinke til å ha personalansvar og medarbeidarane engasjerer seg for lite i dagleg drift av legekontoret. Mange kjem på jobb klokka åtte og tenkjer straks på at dei skal gå heim klokka halv fire. Det kan vere at dei gjer ein framifrå jobb, men den gleda ved å kjenne på at arbeidsplassen er spesiell og kjenne seg heldig som er ein del av den – den kjensla skulle eg ønskje mange fleire hadde.

– Korleis opplever du at samarbeidet mellom lege og medarbeidar fungerer?

– Ofte fungerer det bra, men mange dyktige og velmeinande legekollegaer snakkar til medarbeidarane som om dei var barn. «No må du ikkje miste motet»; «det er fint om du alltid kan smile»; «du må gjerne seie ifrå», er døme på slike utsegn som legen kan kome med til dei tilsette. Det er som ein far som snakkar til barnet sitt. – Og du veit, legg ho til, – når ein vaksen snakkar til eit barn, så snakkar barnet tilbake til den vaksne.

– Er dette ein kultur som endrar seg med ein ny generasjon legar, no når legerollen er blitt mindre paternalistisk?

– Eg trur framleis det er veldig personavhengig, både hos lege og medarbeidar. Mange legekontor er velfungerande, med godt samspel mellom lege og medarbeidar. Andre stadar er det verre stilt. Mange har ein grunnleggjande mangel på respekt for helsesekretærar. Men det er ikkje alltid dei har gjort seg fortent til respekt heller, for den del. Eg er ikkje redd for å halde nokre faner høgt for mi eiga yrkesgruppe. Det går godt an for meg å seie at mine kollegaer kan yte meir.

– Kva slags respons får du på slike utspel?

– Eg trur dei får noko å tenkje på. Det er lettare å kritisere helsesekretærar enn legar. Det er sjeldan dei lèt seg provosere av at eg ber dei om å ta ansvar. Eg har ein liten kjepphest når det gjelder tilsetjingar. Folk slurvar når nye medarbeidarar skal tilsetjast. Det skal være eit trygt og tillitsfullt forhold mellom lege og medarbeidar. Nye tilsette må vurderast grundig. Ein derfor ha prøvetid. Det er ein kjempekrevjande jobb å vere helsesekretær på eit legekontor. Ein må klare å ha mange ballar i lufta på ein gong. Då må ein ha ein person som tåler «trøkket».

– Førebur utdanninga av helsesekretærar studentane tilstrekkeleg på dette?

– Utdanninga er for svak. Det er også eit problem at ein får så unge helsesekretærar. Når dei er 18 – 19 år er dei ofte ikkje så motiverte for jobben. Ein kjem veldig tett på pasientane, og må ha kunnskap og evne til å handtere folk.

– Bør utdanninga leggjast opp på en annan måte?

– Ja, det meiner eg. Før var det krav til examen artium og toårig praksis. Då var du i alle fall 20 – 21 år når du var ferdig. No er det ei treårig utdanning etter grunnskulen, utan krav til praksis. Ute på legekontora er det oftast ikkje rom eller tid for å ta imot studentar, samstundes som ein ønskjer å vere fagleg lojal og gi skikkeleg opplæring. Eg skulle ønskje meg meir romslege forhold når det gjeld å ta seg av både helsesekretærar og turnuslegar, for den del.

– Dette er jo eit av problema ein får med den modellen vi har valt for drift av allmennpraksis i Noreg?

– Det er ikkje heldig verken for pasienten, legen eller dei tilsette, etter mi oppfatning. Eg har ein frimodig tanke om at mange av dei dyktige helsesekretærane kunne hatt fleire administrative oppgåver. Eg trur at veldig mange legar hadde hatt godt av å sleppe dette. Det gjer det enklare å ha merksemd på kjerneoppgåvene.

Ingen kommer undan politiken

For mange i det allmennmedisinske miljøet er Tove Rutle ein velkjend person. Som redaksjonssekretær i fagbladet Utposten og primus motor for Primærmedisinsk uke (PMU), ei av landets største fagmedisinske mønstringar, som annakvart år samlar meir enn 1500 legar og medarbeidarar frå primærhelsetenesta, har ho lenge vore ein ressursperson i faget, noko som må seiast å vere uvanleg, sett i lys av at ho har bakgrunn som helsesekretær. I over 20 år var ho aktiv i Norsk helsesekretærforbund. I tillegg var ho i ei årrekkje rettleiar i etterutdanningsprogrammet for helsesekretærar.

Ho hadde slett ikkje planlagt å jobbe i helsevesenet. Eigentleg var det keramikar ho skulle bli. Men så møtte ho Olav Rutle.

– På den tida var det så gammalmodig at dersom ein skulle flytte saman i leilegheit, då måtte ein vere gift. Planen var at vi skulle gjere oss ferdig med utdanninga før vi fekk born. Men slik gjekk det ikkje. Vi gifta oss då eg var 19 og fekk barn da eg var 21. Då vi flytta til Ullensaker hadde vi to barn, Olav var i militæret, eg var heimeverande. Han måtte køyre legevakter for å brødfø familien og skaffe oss tak over hovudet. Pasientane ringte i eitt, eg tok telefonen, og folk spurte om ting som eg ikkje kunne svare på. Eg blei nysgjerrig, mykje høyrtes morosamt ut. Eg hadde ingen ønskjer om å bli sjukepleiar, medisinstudiet var for langt, medan helsesekretærutdanninga berre var eitt år. Så det var eit greitt val.

– Før var det meir vanleg at kona var sekretær for legeektemannen. Du gjekk sånn sett inn i ein lang tradisjon. Korleis var det?

– Det var jo veldig ulikt meg. Eg var rett nok eit veldig snilt barn, men trassalderen kom då eg vart vaksen, ler ho hjarteleg. – Noko som har vore ei gåve! Det gir ein evne til sjølvstendige tankar.

– Medarbeidaren si rolle har endra seg sidan du starta i bransjen?

– Ja, lenge var det ikkje vanleg å ha hjelp på kontoret i det heile. Som rettleiar i etterutdanningsprogrammet, møtte eg ei godt vaksen dame frå Årnes. Ho fortalte at ho med eitt hadde oppdaga at ho hadde ein fagleg identitet – og at ho var viktig på legekontoret. Då vart eg veldig glad! Eg hadde medverka til å gjere medarbeidaren medviten rolla si. Ein yrkesidentitet gjer noko med deg som fagperson. Då yter du ekstra både for pasientane og for legen.

– Trur du at fastlegane kan verte flinkare til å byggje opp ein slik identitet hos medarbeidarane sine?

– Eg trur at det framover er viktig å tenkje nytt rundt drift av legekontoret. Og med samhandlingsreforma er det mykje som skjer, med omsyn til nye oppgåver. Då må ein vere eit lag. Det er også ein av mine kjepphestar: Legekontoret som team. Ein må investere og foredle. Det første ein må investere i er tillit og respekt for kvarandre. Eg er oppteken av at helsesekretærane må bli flinkare til å formidle det som dei sit inne med av kompetanse. Som arbeidsgjevar skal ein på den andre sida vere stolt over dyktige medarbeidarar som får til ting. Er ein ikkje det, blir det ris til eigen bak.

– Det er synd at det hos mange ikkje er rom for ekstra fagleg påfyll for medarbeidarar. Kanskje bør ein senke tempoet og drive praksis på ein annan måte?

– Då er vi inne på det politiske. Primærhelsetenesta må få rammer som gjer det mogleg å drive annleis. Eg trur personleg at eit system med mindre stykkprisfinansiering ville vere ei betre løysing for drift av legekontor, men eg har inga tru på at dette vil endre seg med det første.

Utpostens apostel

Landskapet i Ullensaker er det reinaste «winter wonderland» denne førjulsdagen, med ein disig isblå himmel, lett snødekte jorder og vegetasjon dekka av rimfrost. «There’s something about december» syng Christina Perri med mjuk røyst på bilradioen på køyreturen nordover langs E6. Tove Rutle har budd på Jessheim sidan 1972. Småbyen ligg eit langt steinkast frå Gardermoen. For Tove var det kanskje ei lukke at hovudflyplassen vart lagt hit, ho som er godt vant med eit omflakkande tilvere. Ho vaks opp med ein far som jobba i Forsvaret og har budd både på Vestlandet, i Nord-Noreg, i Tyskland og på Austlandet.

– Korleis har barndommen prega deg?

– Utelukkande positivt! Eg har fått eit veldig godt forhold til ulike dialektar, eg er blitt glad i nynorsk og språk generelt. Og eg har lært ei rekkje spanande menneske å kjenne – i alle lag av folket. Då Olav og eg var nygifte, flytta vi i tillegg 11 gongar på åtte år. Det gjorde meg ganske rastlaus. Kvar vår tenkte eg; skal vi ikkje snart flytte på oss?

Nyleg har ho flytta i sokkelleilegheit i huset som familien har budd i sidan 1979. Dotter, svigerson og fire barnebarn bur i hovudetasjen. Dette betyr ikkje at 64-åringen har planar om å trappe ned. Sjølv om ho har gitt seg som praktiserande helsesekretær, etter 30 år i feltet, har ho framleis mange ballar i lufta – og ho er ei dame som kan handtere dei. Særleg Utposten har nytte og glede av engasjement til Tove.

Utposten er eit tidsskrift for allmenn- og samfunnsmedisin som blir drive på dugnadsbasis av eit knippe engasjerte allmennlegar. Tove er tilsett som redaksjonssekretær. Bladet markerte 40-års jubileum i 2011, og Tove har vore med i 21 av dei 40 åra.

– Eg har meir glede av det enn nokon gang, seier ho entusiastisk! Eg frydar meg over kvar utgåve. Sjølve produksjonsprosessen er morosam. Og stoffet er interessant og relevant. Dessutan får eg kontakt med mange hyggelege menneske gjennom det redaksjonelle arbeidet.

– Kva motiverer deg til å halde fram etter 20 år, undrar eg?

– Det er ei gulrot at ein får eit heilt konkret resultat av det ein gjer. Redaksjonen er dessutan liten og tett, det gjer arbeidet spanande, og eg blir veldig knytt til dei som er med.

– Har Utposten ei framtid utan Tove Rutle?

– Ja, det er eg sikker på! Ingen er uerstattelege. Men eg skal jobbe med Utposten i mange år enno, forsikrar ho. – Bortsett frå det, så blir det viktig å finne ein person som har ei allmennmedisinsk tilknyting. Og som kan utvikle det same eigartilhøvet til bladet som eg har.

Som hand i hanske

Ektemannen Olav Rutle var sjølv ein sentral person i det allmennmedisinske landskapet. Som fastlege på Jessheim, forskar og førsteamanuensis på Avdeling for allmennmedisin ved Universitetet i Oslo, var han ein kjent og kjær kollega for mange. Olav døydde brått og uventa på ein sykkeltur i 1996. Tove vart enke.

– Var det tøft å reise seg igjen etter at han gjekk bort?

– Eg veit ikkje kva eg skal seie. På ein måte ja, for sorga var veldig djup. Og det som er med sorg, er at ho aldri blir borte. Ho får berre andre fargar. Kanskje var det eit hell at eg var så livredd for ikkje å greie meg økonomisk, for helsesekretærar tener dårleg. Eg stupte derfor ut i masse oppgåver. I etterkant har eg tenkt på om det var så lurt.

Ei stund etter at Olav døydde, byrja Tove å ta seg ein gin & tonic kvar fredag. Enkelte kunne vel ha oppfatta dette som eit faresignal, men ikkje hos Tove. Ho hadde rett og slett bestemt seg for at fredagar, dei skulle bli ein fest.

– Eg kom i snakk med ei på eit kurs som fortalte meg at å vere enke, det var frykteleg, og det vart berre verre og verre med åra. Gode trøystens ord å få, som du forstår, der og då. Og veit du kva, fredagskveldar er dei verste, sa kvinna vidare. Eg bestemte meg derfor for at fredag for meg, skulle bli den beste dagen. – Men Olav døydde altfor tidleg, legg ho til. – Han var ein framifrå person, på alle måtar. Det at eg fekk leve så mange år med han, det har nok prega meg veldig. Både fordi vi var personlegdomar som utfylte kvarandre godt og fordi han var ein stillfaren, klok mann som lærte meg mykje. Og eg må seie, at den ulikskapen vår var som hand i hanske, og det meiner eg vi må vere oppteken av i allmennmedisin også, at ein må få dei rette personane til å jobbe saman. Det har dessutan vore ei gåve for meg å bli kjent med eit spanande fagmiljø gjennom Olav.

– Du var ikkje redd for å bli «kona til» då du var gift med Olav og sjølv engasjerte deg i faget?

– Eg har aldri tenkt på meg sjølv på den måten – og har aldri følt meg som «kona til». Kanskje nokon oppfatta meg slik, men ingen har sagt det til meg. Dessutan står eg veldig trygt og solid i mi eiga sandkasse!

Ein ubrukt ressurs

«Medarbeidarprosjektet i allmennpraksis» var eit prosjekt som undersøkte arbeidsvilkåra for medarbeidarar på legekontor i 1990-åra. Hovudfunna i undersøkinga var at medarbeidaren opplever arbeidssituasjonen som stressande. Ho får sjeldan tilbakemelding på arbeidet sitt, er lite involvert i drifta av legekontoret, får dårleg med tid til fagleg oppdatering og er misnøgd med lønna ho får. Likevel trivst dei fleste godt i arbeidet sitt og sjukefråveret er langt under gjennomsnittet for tilsvarande yrkesgrupper.

– For mange legekontor er helsesekretæren framleis ein ubrukt ressurs, påpeikar Tove til slutt. – Men eg vil igjen poengtere at utdanninga må styrkjast. Vi må stille krav til praksis, ein må gjere gruppa medviten om si eiga rolle og stille høgare faglege krav.

Tove Gurine Rød Rutle

Fødd 30. november 1947

  • Examen artium – samfunnslina

  • Legesekretærline, Oslo Yrkesskole, Sogn

  • Veilederutdanning, Norsk Helsesekretærforbund

  • Aktiv i Norsk Helsesekretærforbund 1976 – 96

  • Legesekretær ved Alléen legekontor 1977 – 2008

  • Eige firma som kursarrangør for helsepersonell 1988 –

  • Redaksjonssekretær i Utposten 1991 –

Anbefalte artikler