Nytt semester – nye moglegheiter!

Bjørg Bakke Om forfatteren
Artikkel

Velkommen til eit nytt semester. Om du er ny eller godt i gang, så er det alltid like spannande når eit nytt semester står på trappene.

Alle medisinstudenter i Norge vil fra 2013 få autorisasjon etter fullført studium. Illustrasjonsfoto Colourbox

Det same gjeld også for turnustenesta. I mange år har myndighetene analysera, tolka og prøva å finne løysingar på kapasitetsproblematikken innanfor turnustenesta for leger. Det har vore fleire ulike løysingsforslag, nokre gode og andre mindre gode.

I mars 2012 kom pressemelding frå Helse- og Omsorgsdepartementet der den nye ordninga blei endeleg skissera (1). Det er ingen tvil om at det er mykje usemje rundt kva som er ei gunstig løysing på problema, men dei fleste er samde i at noko må gjerast.

For dykk som er nye eller som ikkje har sett dykk inn i turnustenesteproblematikken, så er hovudproblemet at svært mange melder seg på turnus, så mange at det ikkje er nok plassar til alle. Dette fører til ventelister som blir lengre og lengre. Som medisinstudentar har me allereie eit langt studium og det blir dermed uhaldbart at ein skal vente opp mot et år på å få ferdig utdanninga si.

Søknad – ikke trekning

Den nye ordninga vil legge opp til søknad i staden for trekning. Dette vil medføre at alle medisinstudentar i Noreg vil få autorisasjon etter fullførd studium og dette vil også vere eit krav for å bli tilsett i ei turnusstilling. For studentar som tek utdanninga si i EØS-land der ein ikkje får autorisasjon, vil ein kunne få midlertidig lisens og dermed få moglegheit til å søke på turnusstillingane fram til 1.1. 2019.

Ein vil søke gjennom ein nasjonal søknadsportal der ein legg inn CV, søknadsbrev og eventuelt attestar, referansar, karakterar e.l etter eiget ynskje. Ein vil også kunne ha moglegheit til å setje opp tre prioritera ynskje etter kvar ein vil. Dette vil bli synleg for arbeidsgjevar som kan sjå kor mange som har søkt, korleis dei har prioritera og kva bakgrunn dei har. Desse har så moglegheit til å tilsetje kandidatar, eventuelt be om intervju. Ein vil i hovudsak søkje om pakker som består av sjukehusplass, samt plass i primærhelsetenesta. Dette for å gjere prosessen lettare. Innhaldet i tenesta vil vidareførast, det same vil antal plassar.

Framover vil det vere eit krav om å ha gjennomført turnus for å kunne få spesialisere seg. For personar som tek turnusteneste i eit anna land, men som vil spesialisere seg i Noreg, vil det kunne bli mogleg å få dette godkjend viss det svarar til norsk turnusteneste. For dei som ikkje har fått moglegheit til å melde seg opp til turnus og som har autorisasjon, så vil desse bli sikra moglegheit til å kunne å søkje på LIS-stilling.

Berekraftig?

I det neste året vil det bli viktig at dei som står på venteliste får plass, samstundes som den søknadsbasera turnusordninga må kome i gang. Det er viktig at både myndighetane og Norsk medisinstudentforeining (Nmf) får beskjed om eventuelle problem, slik at dette kan rettast opp i. Me håpar ordninga kjem til å fungere godt og vere berekraftig på lang sikt. Det kan dermed føre til større forutsigbarhet for medisinstudentar i både inn- og utland.

Nmf arbeider kontinuerleg for at alle våre medlemmar skal få best mogleg føresetnadar under grunnutdanning, i turnusteneste og i yrkeslivet. Vil du bidra i dette arbeidet eller har innspel til kva me bør arbeide med, kan du ta kontakt med ditt lokallag.

Anbefalte artikler