Minneord

Artikkel

BjarneHalleraker

Bjarne Halleraker gjekk bort 20.10. 2011 etter kort tids sjukdom.

 Bjarne vart fødd på Bømlo i 1930. Han tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1955 og arbeidde som distriktslege i Møre og Romsdal etter militærteneste og turnusteneste. I åra 1964 – 73 arbeidde han med kirurgi og patologi ved Haukeland sjukehus.

I desember 1970 reiste han til Nigeria og jobba der ei tid etter Biafra-krigen. Tida i Biafra gjorde stort inntrykk. Han kunne gjere mykje for kvar enkelt pasient med enkle middel.

Han fullførte spesialiteten i ortopedi i Bergen i 1980 – 83 og fekk publisert fleire artiklar innan ulike fagfelt.

Det er med sorg vi er gjort kjent med at Bjarne Halleraker er gått bort. Hans navn vil for all framtid vere uløyseleg knytt til Nordfjord sjukehus. Sjukehuset låg med broten rygg då Halleraker kom som overlege i kirurgi i 1973. Med stor innsats og fagleg dugleik greidde han gradvis å byggje opp att sjukehuset og tilliten mellom folk. Bjarne sette store krav til seg sjølv og til andre. Han fekk tilsett fleire dyktige fagfolk, og slik vart det etter kvart eit sjukehus som hadde stor respekt i det medisinske miljøet og stor tillit blant pasientane.

Då han kom attende til Nordfjordeid i 1983, sette han ein høg fagleg standard for den ortopediske verksemda. Han innførde moderne protesekirurgi og la grunnlaget for ei avdeling vidgjeten for høg standard. Mange unge legar har byrja si kirurgiske karriere under hans kyndige rettleiing. Han tok seg svært godt av sine tilsette, men var kompromisslaus når det gjaldt krav til fagleg dugleik og ansvar. Han tok opplæringsansvaret alvorleg. Mange sjukehus i landet kan takke han for at dei har fått dugande spesialistar.

Det var omsynet til pasientane som stod i sentrum. Han var alltid open for diskusjon og innspel frå andre, og ingen ting vart gjort utan grundig vurdering. Noko av det som sermerkte Bjarne Halleraker som lege, var eit sers godt klinisk skjøn. Det låg alltid ei jordnær og praktisk tilnærming bak alt som vart gjort. Det vart et tomrom ved sjukehuset då han trakk seg attende som pensjonist. Men han kunne gjere det i visse om at han let etter seg eit livsverk vel verdt å ta vare på.

Hadde det ikkje vore for innsatsen hans, hadde vi i dag ikkje hatt noko sjukehus å kjempe for. Vi vil alltid minnast den gode og inspirerande legen Bjarne Halleraker, men i like stor grad vil vi minnast mennesket.

Våre tankar går til barn og barnebarn.

Med takksemd og respekt frå kollegaer og tilsette ved Nordfjord sjukehus v/

Anbefalte artikler