Minneord

Artikkel

KnutSlinning

Knut Slinning er død. Han ville fylt 70 år og blitt pensjonist i mars. Eit virksomt, aktivt og engasjert liv er slutt.

Knut kom til Karmøy og Skudeneshavn i 1975 som ung distriktslege. Han førte vidare dei beste tradisjonane i dette yrket. Han var ein omsorgsfull lege for pasientane sine samtidig som han i løpet av få år fekk planlagt og bygt opp nye og tidsmessige helsesenter i Skudeneshavn, Kopervik, Norheim og Åkra, seinare også på Avaldsnes og Bygnes. Med sitt store kontaktnett var han med og rekrutterte legar til kommunen.

Knut var frå først av spesialist i psykiatri, og hadde alltid ei særleg omsorg for denne pasientgruppa. Tidleg i 1980-åra arbeidde han deltid ved den då nystarta psykiatriske poliklinikken i Haugesund. Knut var engasjert i fagutvikling. Han vart spesialist i allmennmedisin og i samfunnsmedisin, og var den første vegleiaren i allmennmedisin på Haugalandet. Han var praksiskonsulent ved Haugesund sjukehus, og han var i fleire år ein aktiv formann i Rogaland legeforening. Han var frå 2000 til 2004 bedriftslege ved Hydro på Karmøy før han kom tilbake som kommuneoverlege i Karmøy,

I 1987 – 89 var han den første leiaren for hjarte- og lungetransplanterte i Noreg.

Knut vart hjartetransplantert i 1986, men var raskt tilbake i arbeid etterpå. Då han seinare i nokre år var avhengig av dialyse var han framleis aktiv som kommuneoverlege, men med nokre månaders sjukefråvær då han seinare vart nyretransplantert. I november 2011 vart han alvorleg sjuk, og Knut sin lange arbeidsdag var til ende.

Knut var eit jamenneske. Han hadde arbeidskapasitet, arbeidslyst og arbeidsglede langt utover det vanlege. Inga oppgåve var for lita, inga var for stor. «Jeg tar det, jeg,» sa Knut. Han var klartenkt, rask og effektiv. Han var kunnskapsrik, leita gjerne i store kunnskapsbasar når ei ny problemstilling oppsto, og han delte raust kunnskapen sin med andre. For oss som var hans kollegaer og medarbeidarar i Karmøy var han ein ressurs og ein støtte som alltid var der når vi hadde bruk for han. Han var open, blid og tilgjengeleg.

Det blir eit stort tomrom etter Knut i helsetenesta i Karmøy, der han la ned så mykje av arbeidskrafta si. I denne tida går likevel tankane våre mest til Elisabeth og til Sigbjørn, Erik, Lisa og Anna som har mista sin ektemann og far. Vi lyser fred over Knut Slinning sitt minne.

På vegne av kollegaer i Karmøy

Anbefalte artikler