Alltid på vakt
Seddiqi vaks opp i ei intellektuell familie i Kabul. Han har sju syskjen. Då han var ti år gammal, flytta familien til Mazar-e Sharif, der faren fekk jobb i den afghanske sentralbanken. To brødre og ei svigerinne er legar, ein bror er sjukepleiar, ei syster er jordmor, så familien Seddiqi må seiast å yte ein god skjerv til helsestellet i Mazar. Hamidullah sjølv er gift og har tre born.
– Livet er annleis i Afghanistan enn her, fortel han. Heile storfamilien lever og bur nær kvarandre i Mazar-e Sharif. Fire-fem av dei vaksne i familien er i arbeid og forsørgjer dei andre. Vi hjelper kvarandre når vi kan, noko som har ført til at alle syskjena mine kunne ta utdanning.
Sjølv om legar tradisjonelt har tent lite i Afghanistan, er situasjonen mykje betre enn den var. 34-åringen tener ca. 150 amerikanske dollar i månaden på sjukehuset, dette er ei tredobling i høve til for få år sidan. Dei klarer seg derfor ganske bra og har relativt god tilgang på mat, klede og andre naudsynte varer. Og byen er ganske fredeleg. På fritida er han mest med familien sin. Levekåra er ganske bra no, seier han, – betre enn mange andre stadar i Afghanistan.
– Korleis er ein vanleg dag for deg på jobben?
– Eg har eit overordna ansvar for anestesiteknikarar og sjukepleiarar. Dersom dei har problem, kontaktar dei meg. Sidan eg er den einaste anestesilegen, er eg tilknytt ulike avdelingar. Eg jobbar ca. seks timar per dag, både med akutte og elektive inngrep, eg hjelper også til i akuttmottaket. Når arbeidsdagen er over, går eg heim. Men eg er alltid på vakt og kan tilkallast når som helst på døgnet, dersom dei treng hjelp på sjukehuset. Eg rykkjer hyppig ut.
– Kva type anestesi kan de tilby og korleis er sjukehuset utstyrt i så måte?
– Vi gir både narkose, spinalbedøving, regionale blokadar og lokalbedøving. Av medikament bruker vi mykje halotangass, som er lett tilgjengeleg, sikker i bruk og gir rask oppvakning. Både med omsyn til narkose og bruk av smertestillande middel, er det eit problem at vi har dårleg med postoperativ overvaking, så dette vanskeleggjer til dømes bruk av morfin – sjølv om vi har god tilgong til det på vår marknad, svarer han.
Han fortel at det offentlege helsedepartementet finansierer drifta av sjukehuset. Pasientane betaler ikkje for å liggje på sjukehus, og arbeidet som personalet utfører er gratis. Men pasientane må sjølve betale for utstyr, til dømes suturmateriale, ortopedisk utstyr og medikament som dei ikkje har på sjukehuset. Då får pasienten med seg resept og må sjølv kjøpe det på den opne marknaden, både antibiotika, anestesimiddel, intravenøs væske og liknande. Dermed har ikkje alle pasientar råd til behandling, sjølv om helsestellet i utgangspunktet er gratis.
– Eg har opplevd at foreldre kjem med borna sine, med tilstandar vi kan behandle, men familien kan ikkje betale og dei må reise heim utan å ha fått hjelp. Det synast eg er trist, fortel han.
Det hender at den afghanske legen sjølv legg igjen pengar til mødre med sjuke born slik at dei kan få kjøpt naudsynte medikament.
– Vi har mange ulike typar problem på vårt sjukehus og i helsevesenet generelt, sukkar han oppgitt, – eg veit ikkje i kva ende eg skal starte når eg vil fortelje om det! På alle område er det vanskeleg. Mange menneskje døyr som kunne vore redda – på grunn av ressursane, rammevilkåra, administrasjonen, kunnskapsmangelen.