Saksofonist og musikkvideoartist
Det held kanskje med ein altoppslukande hobby. For Bjørn er det musikken som alltid har fenga mest. Han har spela sidan han var ti år, frå slutten av tenåra jazz. No speler han i heile fem forskjellige band. Eit av dei, Mobley Dix, har spesialisert seg på musikk frå ein jazzsaksofonist som heiter Hank Mobley.
– Han er ikkje så kjent og ideen er nok litt sær, men alle i bandet er veldig opptatt av musikken hans. Eg har eit band til, Los Pollos, der vi speler salsamusikk blanda med litt funky soul. Og så er det Trio Maracatu, ein trio med to brasilianske vener som speler samba og reggae, Alvorada, med brasilianskinspirert musikk, og til slutt eit band som bare speler mine eigne komposisjonar. Vekta her er på afrikanske og latinamerikanske rytmer. Bandet heiter Washamba, som betyr bønder eller strilar på swahili. Alle vi som er med er frå Os eller andre bygder. Vi har reist på turné i Tanzania og har blant anna spela på Zanzibar filmfestival og bondefestivalen i Dar-es-Salaam. Vi var veldig populære!
Washamba har òg spela på Nattjazz, Bajazz, Sildajazz og på Os blues- og jazzfestival. Og kanskje kjem det snart ei plate. Bjørn slenger seg også gjerne med når andre speler i kafeen. Det går nesten ikkje ei veke utan at han speler med forskjellige band.
Eg kjenner at eg blir litt matt. Korleis er det mogleg å få tid til alt dette?
– Det kan du spørje om! Eg må sjå om eg klarer å slutte å sove slik at eg får tida til å strekke til, humrar han. – Men vi øver nesten aldri, legg han kjapt til, – så der sparar eg litt tid.
Bjørn har også spela saksofon i ein musikkvideo med ei av dei mest populære songarinnene i Tanzania. Denne videoen var svært populær i Øst-Afrika og gjekk på nasjonale TV-kanalar for eit par år sidan.
– Så no har du blitt kjendis i Tanzania?
– Nei, det er å ta litt hardt i, eg ventar framleis på det store gjennombrotet. Men det er ein stort marknad for kassettar der, så kanskje eg får det til dersom vi gjev ut eit album på kassett?
Bjørn Blomberg
Fødd i 1969 i Bergen, vaks opp i Os
Gift med Chiku Ali fra Tanzania
Cand.med. 1994
Ph.d. 2007
Siviltjeneste ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen i 1997
Juniorekspert ved tuberkuloseprogrammet til Verdens helseorganisasjon i Genève 1998 – 99
Stipendiat ved Universitetet i Bergen og Muhimbili University of Health and Allied Sciences i Tanzania 2002 – 07
Overlege infeksjonsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus frå 2009
Førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen frå 2009