Forskar og gründer
Sandberg tok doktorgraden sin på porfyri, med basalfagleg tilnærming.
– Ja, eg gjorde ein «basic» doktorgrad, med mitokondrier, rotter og det heile.
– Kvifor akkurat porfyri?
– Det var heilt tilfeldig. Eg kom inn i eit godt forskingsmiljø, rettleiaren min gav meg visse føringar, og så utvikla eg ei sterk interesse for emnet etter kvart. Det blei så gøy at eg etter doktorgraden eigentleg hadde mest lyst til å gå vidare med basalforsking. I staden dukka det opp ei overlegestilling som var øyremerka mot primærhelsetenesta. Og dermed skifta forskingsfeltet mitt til å handle om kvalitetssikring av laboratoriearbeid i primærhelsetenesta.
– Eg tenkte fyrst at det høyrdest utruleg kjedeleg ut. Men eg erfarte etter kvart, slik eg har gjort mange gonger seinare òg, at uansett kva ein byrjar med, så blir det interessant nok når ein får høve til å fordjupe seg i det.
I engasjementet for kvalitetssikring kom også gründeren Sandberg til syne. Han var den sentrale drivkrafta ved skipinga av Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor sykehus (NOKLUS), der han framleis er leiar. NOKLUS vart oppretta i 1992, etter at det kom fram at kvaliteten på laboratorieanalysar utførte ved ulike legekontor rundt omkring var svært varierande. I den spede byrjinga var det berre to-tre personar som arbeidde med dette, og i starten var det Sandberg sjølv som sykla rundt i Bergen med standard-blodprøver til dei ulike legekontora. Sidan har NOKLUS vokse seg stor. Dei har no rundt 80 tilsette spreidde rundt i alle helseføretak, og meir enn 97 % av alle allmenlegekontor og sjukeheimar er med i ordninga.
Gründeren Sandberg har òg kome dei porfyrisjuke til gode, då det også var han som stod bak skipinga av Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS).
– Noko av det kjekkaste med porfyriarbeidet er det store spennet i arbeidsgruppa, der det blir jobba med alt frå trygderettar til basalforsking knytt til porfyri. Eg tykkjer det er svært stimulerande å kunne studere ein tilstand i ein slik stor samanheng, seier han.
Verksemda ved NAPOS og NOKLUS er òg tett knytt til forskingsproduksjonen til Sandberg. Så langt kan han telje om lag 200 vitskaplege publikasjonar, sju har fullført doktorgrader under hans rettleiing, og sju-åtte kandidatar til er i gong. Suksessen har likevel ikkje ført til at han har slege seg til ro med tilhøva slik dei er. Ei sak han framleis brenn for, er at ein må få endå meir forsking inn i NOKLUS.
– Vi får inn mykje data, men brukar dei altfor lite. Vi har så langt vore veldig flinke til å sette søkjelyset på dei reint tekniske aspekta ved analysane, medan vi knapt nok har fokusert på før- og etterarbeidet ved prøvetaking. Dette håpar eg skal endre seg no. Skal ein lukkast med god kvalitetssikring av laboratoriemedisin, må ein ha fokus både på analytisk, pre- og postanalytisk fase. Dei fleste feila blir truleg gjort før prøva kjem til laboratoriet, og etter at svaret er klart. Tenk på rekvisisjonane, til dømes, kor mange feil kan ein vel ikkje gjere ved dei? Det same gjeld ved fortolking av prøvesvar. Ta porfyri som eit døme: Kva beskjed trur du ein pasient endar opp med dersom det i prøvesvaret står: «Porfyri kan ikke utelukkes.» Du kan vere ganske sikker på at den pasienten endar opp med beskjed om at han har porfyri, sjølv om det ikkje nødvendigvis stemmer.