Seminar i akuttmedisin

Sunniva Garshol Skurtveit Om forfatteren
Artikkel

Siste helga i august vart det arrangert seminar i akuttmedisin på Rikshospitalet. Målsettinga var å auke den akuttmedisinske kompetansen blant medisinstudentar.

Lærerik helg i akuttmedisin for medisinstudentene. Foto Sunniva Garshol Skurtveit

Akuttmedisinsk gruppe (AMG) driv kompetanseformidling av akuttmedisinsk kunnskap av, og for medisinstudentar. Sidan dei vart til i 2008 har gruppa halde sertifiserte AHLR- og DHLR-kurs etter Norsk Resuscitasjonsråds (NRR) retningslinjer, og utdanna 424 deltakarar. Gruppa er formelt knytt til ANSA og Norsk medisinstudentforening (Nmf).

Helga var tettpakka med aktuelle tema formidla av høgt kvalifiserte og engasjerte foredragshaldarar. Leiar i NRR og ein viktig støttespelar for AMG, Kristian Lexow, informerte om NRR og nye retningslinjer for resucitering. Marianne Nordhov, overlege ved barneavdelinga UNN, fortalde om alvorleg sjuke barn og kva som kjenneteiknar desse og leiar i NORSEM, Lars Petter Bjørnsen, snakka om korleis ein akuttmedisiner tenker, og om diagnostiske tilnærmingar til brystsmerter. Seksjonsoverlege ved ambulanseavdelinga på Ullevål Anne-Cathrine Næss snakka om den medvitslause pasienten.

Tidlegare leiar for Saniteten i Forsvaret, Leif Rosèn, runda av dagen med temaet skot- og eksplosjonsskader. Dette vart høgaktuelt i fredelege Noreg 22.7. 2011. Det var nærliggande å tenke på alle dei som vart utsette for livstruande og dødelege skader denne uendeleg triste dagen.

Søndagen gjekk med til ferdigheitstrening. Forfattarane bak «Klinisk EKG diagnostik», Helene og Sverker Jern, var ansvarlege for ein svært populær post om EKG-tolking, og den lærerike helga vart avslutta med evaluering.

I september arrangerer AMG AHLR og DHLR-kurs i Budapest, og i november står Poznan for tur. Dei vil òg vere synlege på ANSA-fagseminaret i Polen. Gruppa utvidar i haust kurstilbodet, i tillegg til at fem nye instruktørar skal utdannast.

Alt arbeid i AMG er frivillig og kursinntektene går til arrangementa. For å halde deltakaravgifta lav, og slik nå flest mogeleg, er AMG på jakt etter fleire støttespelarar. Håpet er at alle som identifiserer seg med aktiviteten deira og kan bidra, gjer dette. Studiestadar som ønskar besøk vert oppfordra til å ta kontakt.

Bodskapen til AMG er klokkeklar: Til betre trent ein er i akuttmedisinske situasjonar tidleg i studiet, til tryggare vert ein som framtidig lege, og til tryggare vert omgjevnadane!

Anbefalte artikler