Minneord

Artikkel

ArnljotDrabløs

Arnljot Drabløs, fødd i 1915 i Volda, døydde 27.1. 2011, 951/2 år gammal. Arnljot byrja medisinstudiet i Oslo. 30.11. 1943 hadde tyskarane studentrazzia på Rikshospitalet, og mange vart arresterte. Arnljot kom seg unna – med falskt pass, «Thor Gundersen, elektrisk montør», klarte han med god hjelp å kome seg over til Sverige og fekk gjort ferdig studiet i Stocholm. I Sverige vart han med i dei norske polititroppane og var med på inntoget i Narvik 10. mai 1945.

Etter eit par år i Volda drog han til barneklinikken på Haukeland sjukehus. Han vart spesialist i barnesjukdommar i 1953. I åra 1956 – 59 var han konsulent i pediatri ved Ålesund sjukehus samstundes som han dreiv privat praksis. Han fekk etablert ei ordning med trygdekassa som innebar at foreldra slapp å betale for konsultasjonar hos barnelege. Han besøkte dei fleste kommunar og helsestasjonar i fylket og underviste både fagfolk og foreldre. Dette gav god støtte til arbeidet for å etablere ei barneavdeling i Ålesund. Avdelinga opna våren 1959 i provisoriske lokale i sentrum, som ei av dei første avdelingane utafor Oslo og Bergen. Her vart det gitt avansert behandling, m.a. utskiftingstransfusjonar, som einaste stad utanom Rikshospitalet.

I 1971 flytta avdelinga til nytt sjukehus på Åse. Arnljot Drabløs utvikla avdelinga vidare og organiserte nyfødtmedisinen som eigen seksjon, med eigne sjukepleiarar. Dette gav så markert fall i spebarnsdød at det vart lagt merke til også utanfor Noreg. Arnljot var òg tilsynslege ved ein institusjon for cerebral parese-ramma og starta arbeidet med habiliteringstenesta for funksjonshemma born. Avdelinga leia han til juni 1984, men han heldt fram som helsestasjonslege til han var 82 år.

Drabløs var anerkjend som ein svært dyktig og kunnskapsrik barnelege, og han var spesielt flink til å få kontakt med dei små. Han var ein engasjert avdelingsleiar, beskjeden, men tydeleg i prioritering og vegval. Mange kjende norske barnelegar fekk ein god start hos Drabløs!

Som menneske var han sympatisk, humoristisk, positiv og godt likt av alle som kjende han. Han var kulturinteressert og ihuga nynorskmann. Landskjend vart han då han i 1989 vann Kvitt eller dobbelt i emnet Ivar Aasen. Arnljot fekk ei lang og god pensjonisttid og heldt lenge kontakt med avdeling og kollegaer. Nå sit kona Sigrid, berre eit halvt år yngre, att saman med dei tre borna, barnebarn og oldebarn.

Barneavdelinga i Ålesund var livsverket til Drabløs. Han gledde seg over at vi skulle få ny barne- og ungdomsavdeling og håpa å få oppleve denne. Slik gikk det ikkje. Vi tar med oss dit det grunnlaget han la og dei haldningane han lærde oss og er takksame for å ha hatt ein slik læremeister, kollega og ven.

Anbefalte artikler