Minneord

Artikkel

Jan Fjellbirkeland, født 18.9. 1923, døydde stille 30.1. 2011, 87 år gamal, etter lang tids sjukdom. Han studerte medisin i Danmark og vart cand.med. i København 1954. Han tenestegjorde ved Haukeland sjukehus, Aust-Agder sentralsjukehus og Stokmarknes sykehus. Han var gift med lege Eli Eriksen, som døydde i 1985. Tre born lever att: Lars, Hege og Anne.

I størstedelen av det yrkesaktive livet var han knytt til sjukehuset på Stord. Det er såleis ein del av sjukehusets levande historie som no er borte.

Han var borte frå sjukehuset i nokre år for å få vidare utdaning. I 1964 kom han tilbake som spesialist i indremedisin. Han var overlege og avdelingsoverlege ved medisinsk avdeling til han gjekk for aldersgrensa i 1992. I mange år var han administrerande overlege ved sjukehuset. Han hadde ei sentral rolle ved planlegging og utbygging av det nye sjukehuset og hadde også viktige tillitsverv i legeorganisasjonar. Ein periode sat han i kommunestyret på Stord og hadde også fylkeskommunale verv. I 1979 –  80 studerte han sjukehusadministrasjon ved Nordiska Hälsovårdhögskolan i Göteborg. I 1995 fekk han Kongens fortenestemedalje i sølv.

Som ein vennleg, utadvendt og kontaktsøkande person var han mykje med i det sosiale livet på Stord og hadde mange venner her.

Jan bar med seg det beste inn i den medisinske profesjonen. Solid kunnskap er bra. Men solid kunnskap kombinert med erfaring og godt omdømme er betre. Og det er ikkje den etikken som ein lærer på kurs og seminar som er den mest verdfulle, men den som ein viser med si haldning, si innstilling og sin daglege praksis. I over ein mannsalder var Jan Fjellbirkeland dagleg rettleiar for mykje over hundre turnuskandidatar og tiltals assistent- og reservelegar. Han var også ein god rettleiar for kollegaer i primærhelsetenesta. Han var alltid tilgjengeleg og hadde gode og praktiske svar for dei som ville ha faglege råd. I det daglege arbeidet på avdelinga tok han for seg journalen, undersøkte pasienten, vurderte diagnose og behandling, rettleidde kollegaer. Kvar dag, i år etter år.

Det er ein god tradisjon i medisinen at ein kritisk tek imot det som er nytt og godt samstundes som ein kasserer gamle sanningar som syner seg å vere mistak og fordommar. Men ei sanning synest å bli ståande: Ein lege kan stundom lækje, ofte lindre og alltid trøyste. Jan Fjellbirkeland var ein god representant for denne tradisjonen.

Det er eit stort tomrom etter Jan Fjellbirkeland. Men det er mange som er takksame for at dei fekk lære han å kjenne.

Me lyser fred over hans minne.

Anbefalte artikler