Minneord

Artikkel

Spesialist i augesjukdomar, Geirmund Omland, døydde 16. september 2010, 76 år gamal. Han tok artium ved Telemark Landsgymnas i Bø i 1953. Militærtenesta si tok han i Flyvåpenet og vart sidan utdana som militærflygar i Noreg og Canada i 1956 – 57. Seinare hadde han plikttenest som jagarflygar ved 336, 337 og 339-skvadronane i 1957 – 64. Samstundes med tenesta som jagarflygar studerte han medisin og vart cand. med. ved Universitetet i Oslo i 1966. Etter turnustenest arbeidde han som militær sanitetssjef ved Ørland, Rygge og Sola hovudflystasjonar frå 1968 til han vart pensjonert i 1993.

Omland var også fagleg rådgjevar og medarbeidar ved utgjevinga av (ny) Norsk Medisinsk Ordbok på Det Norske Samlaget i 1968.

Ved sidan av sitt virke som militærmedisinar, tok Omland spesialistutdaning i augesjukdomar ved Ullevål og Fredrikstad sjukehus, og frå 1978 hadde han praksis som augelækjar i Sandnes, der han etterlet seg mange takksame pasientar.

Omland var internasjonalist – men au bygdegut. Han heldt fast på målføret sitt heile livet. Han var allsidig; telemarksmeister i skihopp, deltakar i noregsmeisterskapen i friidrett og deltakar i verdsmeisterskapen i militær femkamp. Han var ein logn kar, men hadde stor sans for humor og åtte vesttelemarkingens givnad til å fortelje ei god soge, stundom saftig, men godlyndt og aldri sårande.

Omland let etter seg hustru Dorrit, to lækjarborn og seks borneborn, og ein talrik krins av vener.

Anbefalte artikler