Minneord

Artikkel

Else Wiik Larsen, fødd 5. august 1944, døydde 8. juli 2009. Ho brann for faget sitt, indremedisin og nefrologi. I tillegg var ho levande interessert i pasientane, i medarbeidarane og i arbeidsplassen. I store deler av si yrkesaktive karriere, heilt fram til ho blei sjuk, var ho også engasjert i overordna problemstillingar knytte til medisinsk praksis, til helsepolitiske, etiske og juridiske spørsmål.

Ho var nestleiar i Rådet for legeetikk frå 1990 til 2002. Her gav ho viktige bidrag gjennom sitt sunne og jordnære skjønn, sine allsidige røynsler frå klinisk arbeid og frå eit imponerande kollegialt nettverk. Vi kunne alltid lite på at Else hugsa menneske og hendingar til minste detalj langt tilbake. Det var ikkje unaturleg at ho, då ho gjekk ut av Rådet for legeetikk, melde seg til teneste i styret for Forum for helserett.

Else var eit raust og svært samvitsfullt menneske. Ho sparte seg aldri. Ho var alltid godt førebudd til møta, og ein kunne alltid lite på at dei oppgåvene som Else tok på seg, blei gjort skikkeleg.

Det er eit stort tap for faget og for hennar mange venner og kollegaer at ho ikkje er meir. Men mange gonger større er tapet for familien hennar, som ho var så stolt av og som betydde så mykje for henne. Vi sender våre varme tankar til Ørnulf og til barna Elisabeth og Harald.

Anbefalte artikler