Minneord

Jan Leversund Om forfatteren
Artikkel

Eckart Fuchs vart fødd 24.9. 1955 i Essen i Vest-Tyskland og omkom i ei trafikkulykke på Dovre 2.11. 2007. Foreldra var Irmela frå Riga i Latvia og Hans Werner Fuchs frå Düsseldorf ved Rhinen. Han var den mellomste av tre brør. Då Eckart var seks år gamal, flytta han til Bremen.

Etter examen artium var han 1 1/2 år i siviltjeneste ved Finndorf Krankenhaus i Bremen. Han studerte fyrst fysikk i 3 1/2 år, men skifta til medisinstudiet i Bonn i 1980, då han heller ville arbeide med menneske.

Eckart likte å reise, og på ei reise i Noreg i 1982 trefte han Klara Fylkesnes, som han seinare gifta seg med i 1985. Dei budde nokre år i Tyskland før dei flytta til Rjukan der han arbeidde eit år på Rjukan sjukehus. Etter godkjenning som lege i Noreg var han i distriktsturnus i Austevoll. Han arbeidde der i to år før familien flytta til Bryne. Der arbeidde han i to år.

I 1992 flytta familien til Bømlo, der kona Klara kom frå, og han byrja som bedriftslege. Samstundes dreiv han privat legepraksis ein dag i veka. Frå 2001 vart han fastlege på Moster. Han var spesialist i allmennmedisin.

Eckart var svært grundig. Alt han gjorde var velførebudd, gjennomtenkt og systematisert. Å vere så grundig som han var førde også til slitasje for han personleg og i høve til andre menneske. Han tok imidlertid grep om situasjonen og greidde å endre kursen.

Han likte å snakke med folk og var alltid godt orientert om det som rørde seg i Bømlo. Urett gjorde han opprørt, og han hadde særleg omsorg for rettane til dei svake pasientane.

Eckart hadde ein stor hobby i astronomien, og for nokre år sidan bygde han sjølv eit teleskop. Han var på veg til Trondheim for å selje det då han omkom. Han drog frå Bømlo torsdag 1.11. etter arbeidstid og overnatta på Voss for å vere utkvilt til resten av turen. På veg over Dovre var det glatt føre og han kolliderte med ein møtande buss. Frå ei fullsett Bremnes kyrkje vart han gravlagd på Fagervoll gravplass onsdag 14.11. 2007. Eckart vart 52 år og etterlèt seg Klara 49 år, Andrea 18 år og Johanna ti år.

Vi lyser fred over minnet hans.

Anbefalte artikler