()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Svie, spiss som kniv i kroppen;

    plage – retta inn mot rygg og mage

    sveipt i kring meg som ein ring

    glødande og kvast i holdet –

    inga lindring er å finna –

    hakkar tenner som i frost.

     

    Den som kunne av seg vrengja

    skinnet sitt og bort det slengja –

    plaga lei få utestengja!

    Den som kunne huda skrella

    av seg som ei frukt, – og hella seg i vatn ut!

     

    Den som kunne hamen byta,

    flengja av den kappa sår

    som så ilt i huda brenner!

    Kom og sval med dine hender

    elden som i kroppen rår!

     

    Takk for lindring: Pinex Forte

    som kan halda smerta borte.

    Ingen lækjedom det har,

    men den vonde verken tar

    bort frå hold og bort frå tanke,

    døyver verken som vil banke

    smertebølgjer gjennom ein.

     

    Takk for piller, kvite, lange

    som i talrik rekkje, – mange,

    vika kan det vonde vekk,

    gjeva lindring for den fæle

    verken som her elles var.

     

    Men du finn ein dag, diverre,

    dei har blitt i kroppen herre.

    Utan piller kroppen finn –

    at sæle lisa som kom inn

    er blitt sjefen i ditt hus.

    Du er brukar, ho er herre

    utan dei er allting verre.

    Utan kvite kuler mange

    må du nattetimar lange

    liggja utan svevn på auga

    i din våte sveitte lauga.

     

    Ingen herre i ditt hus du lenger

    er, men heile tida trenger

    påfyll av eit stoff som dempar,

    og di kropps-uro slik lempar

    at du leva kan som før.

     

    Utan piller kroppen stundar,

    berre av og til du blundar,

    medan klokka går mot dag

    slår med eitt sitt morgonslag.

    Du har slumra tungt og strir

    mot den makt som nå deg rir.

     

    Her trengst tolmod, tid og von

    tålamot i venting om:

    Verk i kroppen, slakk og trå,

    skal eingong sin ende få;

    at det som i holdet rår

    eingong til sin ende når.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media