Minneord

Artikkel

Erlend Jacob Bergesen døydde 20.8. 2006, etter å ha levd med kreftsjukdom i nesten seks år. Han fekk, slik han hadde hatt eit sterkt ynskje om, leve dei siste dagane og timane heime, med utsikt til den naturen han var så glad i.

Erlend blei fødd 20.10. 1954 og voks opp i Sævareid i Fusa kommune. Han studerte medisin i Bergen frå 1976 til sommaren 1982, og hadde deretter turnusteneste på Nordfjoreid og på Lofthus i Hardanger. Han var kombinert bedriftslege og kommunelege i Tyssedal fram til han i 1986 flytta heim til Fusa, der han jobba ti år som kommunelege I. Han hadde så ei prosjektstilling på Haukeland Universitetssjukehus og dreiv med sjølvmordsførebyggjande arbeid. Frå 1999 var han helsesjef i Os kommune og dessutan privatpraktiserande lege, seinare fastlege, på Flåten Legekontor. Han var spesialist i samfunnsmedisin og allmennmedisin.

Det var lett å kome til Erlend når det var noko ein ville drøfte. Vi merka hjå han ein klokskap, ein toleranse og ei evne til å lytte som gjorde inntrykk. Blanda inn i desse eigenskapane hadde han ein lun og underfundig humor. Slik kunne vi møte Erlend frå studiedagane og heilt fram til dei siste dagane han levde. Sjølv når det var harde tilbakeslag i sjukdomsutviklinga hadde Erlend ei eiga ro og ein trygg balanse mellom tru, von og realisme som gjorde det lett og trygt å møte han. Slik møtte han også pasientane sine. Han var i arbeid på Flåten Legekontor lenge etter at han hadde innsett at sjukdomen ikkje ville sleppe taket. Erlend var open om sjukdomen sin. Også i ulike faglege fora, gjennom foredrag og intervju, delte han med oss dei erfaringane han hadde fått frå dobbeltrolla som lege og pasient.

Erlend var så mykje for så mange. Men fyrst av alt var han ein omsorgsfull og god mann for kona Oddbjørg og ein klok og kjærleg far for dei fire jentene Anne, Marta, Stina og Ingvild. Han makta å formidle til borna dei verdiane som han og Oddbjørg sette høgt.

Naturopplevingar og idrett var viktig for Erlend. Sin siste maraton sprang han berre nokre få veker før han fekk kreftdiagnosen!

Erlend sa nokre månader før han døydde at han hadde hatt eit svært godt liv og at det difor var ekstra vondt dersom det no var slik at han måtte sleppe tak i livet i så ung alder. Men samstundes såg han også noko forsonande i dette at dei åra han hadde fått, var så gode. Vi sørgjer over ein god ven og kollega. Men i sorga veit vi at det å ha kjent Erlend også har gjort våre liv rikare. Vi lyser fred over hans minne!

På vegner av vener og kollegaer

Anbefalte artikler