Minneord

Olav Dahlberg Om forfatteren
Artikkel

Tidlegare avdelingsoverlege Sverre Brostrup Knutsen døydde 12.11. 2004.

Han var fødd 6.11. 1920. Då Universitetet i Oslo vart stengt under siste verdskrigen, vart han saman med andre studentar send til Tyskland og fekk avbrot i studiet. Han tok medisinsk embetseksamen i 1949 i det første medisinerkull uteksaminert ved Universitetet i Bergen.

Sverre Brostrup Knutsen hadde omfattande sjukehuspraksis, lengste tida ved Haukeland sykehus. Han tenestegjorde i Hærens Sanitet UNEF i Gaza i 1961 og var vitskapeleg stipendiat NAVF 1965 – 67. Han var landsstyremedlem i åra 1956 – 62 og medlem av sjukehusutvalet i Norske Kommuners Sentralforbund 1972 – 76. Han vart spesialist i indremedisin 1957 og i hjartesjukdomar 1970. Frå 1967 til han gjekk av ved nådd alder 1989, var han administrerande overlege og avdelingsoverlege ved Medisinsk avdeling, Fylkessjukehuset på Voss.

Då Sverre Brostrup Knutsen kom til Voss, var han såleis vel førebudd for oppgåvene her. Grundig fundamentert i den medisinsk-humanistiske tradisjon der innsatsen for enkeltmennesket ikkje kan bli stor nok, gjorde han si gjerning. Alltid med grunnlag i vel gjennomtenkte resonnement og kloke slutningar fann han dei gode løysingane. Det var trygt å arbeide ved hans side.

Det gjorde inntrykk korleis han kunne gjere ofte kompliserte emne oversiktlege og enkle, korleis han på meisterleg vis fann kjernen i eit problem og kunne fatte fornuftige avgjerder. Det viste hans store oversikt, innsiktsfylde og kløkt, eit slik menneske blir høyrt og respektert.

Endå så travelt det kunne vere, tok han seg alltid tid, først og fremst for den einskilde pasient, men også til rettleiing, orientering og undervisning av yngre kollegaer og fagpersonalet. Han fekk mykje gjort, og vi kunne nytte oss av hans grundige kunnskapar.

Han fekk oppleve skiftande ordningar, oppfatningar og straumdrag i den medisinske kvardag. Men han lét seg ikkje lett uroe, og han kunne peike på det som er verdfullt og varig.

Sverre Brostrup Knutsens interesse for faget var levande – i breidde og djupn – for det generelle og det spesielle, og særleg innanfor hans fagfelt – hjartet. Og han gledde seg over utvikling og framsteg. Fagleg kunnskap og interesse forpliktar, for han var den plikt overordna – til tider også overordna personlege omsyn. Men han hadde breie kunnskapar og interesser om mangt også utomfagleg og om slikt som rørte seg i tida. Han hadde meiningar og mang ein god kommentar, gjerne fylgt av eit lunt smil.

Vi som fekk arbeide saman med han i mange år, vil hugse han som den stødige og sindige, lojale, omsorgsfulle og trygge kollega og den omtenksame lege.

Vi er mange som har gode minne om Sverre Brostrup Knutsen.

For kollegaer

Anbefalte artikler