30.05.2000:
Livet har ført meg mange stader, og denne gongen til Aust-Grønland. Som barn las eg bestefar min sine bøker om overvintringar på Grønland, og sidan har eg hatt ein lengt mot desse kalde kystane. Eg er dessutan nyfiken på livet og på nye utfordringar. Nå arbeider eg i tre månader som ”distriktslæge” i byen Tasiilaq, i Ammassalik kommune, som ligg på knapt 66˚ nordleg breidd. Vi er tre legar i ”byen” og dei fem spreidde bygdene omkring, der det til saman lever knapt 3 000 menneske. Ein eller to legestillingar står ofte ledige. Avstandane er store, og legebesøk til bygdene skjer om lag fire...