Det er vanskeleg å forstå at ein så god mann som Sverre ikkje lenger lever. Han døyde brått under trening den 2. juni 2024, berre 41 år gammal. Attende står familie, venar og kollegaer i djup sorg.
Bryllaupsinvitasjon. Helsepolitikk. Kunstig intelligens. Taylor Swift-humor. Småbarnslivet. Filosofi. 90-tallstrance. Psykisk helse. Maktkritikk. Spennet er stort når vi i ettertid blar gjennom gruppechatten i kollokviegruppa vår. Slik var Sverre. Ein omsorgsfull familiefar og ven. Ein reflektert medisinar og samfunnsborgar.
Det er snart 20 år sidan vi alle saman byrja på medisinstudiet i Bergen hausten 2005. Vi var mykje saman – på forelesning, i lesesalen, på sjukehuset, men òg i byen, på fest, i kollektiv. Dag, kveld og helg. Då studiet var over, vart kollokviegruppa aldri oppløyst, snarare tvert om. Pensum vart utvida. Småbarn, sjukdom, jobb, tidsklemme. Hyppigheita til kollokvia gjekk ned, men samhaldet, støtta og venskapet vårt vaks.
Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje? Det kjem ein siste gong du tar dotter di på skuldrene og ber ho gjennom skogen. Ein siste gong du går opp fjellsida og ser ut over det landskapet som er ditt eige. Ein siste gong du går på butikken for å kjøpe brød og mjølk og smør. Ein siste sommar. Eit siste bad.
Sverre får aldri meir ta dottera på skuldrene og bere ho gjennom skogen. Aldri meir gå opp på knausen bak familiehytta på Litleskare og sjå ut over skogen og sjøen. Aldri meir gå på butikken med jentene. Aldri meir sommar. Aldri meir bading. Det er vondt og urettferdig. Ingen kunne tenke seg ein slik slutt. Og slutten er alt, slik som Frode Grytten skriv.
Ikkje berre er det slutten, men det var også så mykje som skulle byrje. Sverre og Linn skulle gifte seg. Ein nyfødd gut. Borna skal vekse opp. Store hendingar i livet som ikkje Sverre får ta del i. Vi kjem òg til å sakne alle dei små hendingane. Ikkje fleire indielåtar, whisky, Vonnegut-sitat, iPhone-hacks eller forskingsartiklar. Ikkje meir stoisisme, bursdagshelsingar, kinesisk sci-fi eller Arsenal.
Sverre lærte oss kva som er viktig i livet: Ta vare på familien, på venane dine og alle rundt deg. Og ver open, respektfull og nyfiken i møtet med resten av verda. Sånn var Sverre, og sånn ville Sverre ønskt at vi levde liva våre vidare. Kollokviegruppa lyser fred over Sverre sitt minne.