Johan E. Wold døydde etter kort tids sjukdom 12. mars 2023, 87 år gamal.
Johan vaks opp i Odda. Historia til Albert Schweitzer var ei viktig motivasjonskjelde for Johan til å bli lege, og i 1954 reiste han til Groningen i Nederland for å studere medisin. Etter turnustenesta søkte han seg til ei nyoppretta legestilling i Hol i Hallingdal. Her skulle han og familien bli verande i nesten 30 år.
Johan var ein triveleg og liketil bygdedoktor som kom godt ut av det med bygdefolket. Han hadde stor respekt for menneska kring seg, og dei hadde stor tillit til han som doktor. At Johan hadde høg arbeidskapasitet, var også nødvendig, han fekk travle arbeidsdøgn. I mange år var han åleine på legekontoret, og i starten var det inga legevaktordning.
Johan fekk utan tvil utøve dei allmennmedisinske kjerneverdiane, der pasientarbeidet skulle vera kontinuerleg, omfattande, personleg og forpliktande. Som kollega var han lett å jobbe saman med, alltid blid, positiv og uhøgtideleg. Han var særs kunnskapsrik og delte gjerne sine kunnskapar.
Han var også ein mann med mange gode historier, som han fortalde med eit glimt i auga. Hinke og Johan sin heim hadde plass til mange, og me er mange som fekk nyte godt av deira gjestfriheit i Hol og seinare på Groos og i Tønsberg.
At han i ein alder av 50 år reiste til Liverpool og studerte tropemedisin, var overraskande, men også i samsvar med den idealistiske innstillinga han hadde. Han gjennomførte fleire arbeidsperiodar for Kirkens Nødhjelp og Redd Barna i Afrika, der han var stasjonert i Mali, Uganda og Kongo.
Yrkeskarrieren avslutta han som bedriftslege for NSB. Han fekk eit legeliv som gav han ein vid helsehorisont, og han fekk vera til nytte for mange.
Johan var glad i og brukte mykje av fritida si til praktisk arbeid. Han restaurerte småbruket på Dal til fritidseigedom for familien. Han var også ein meister ved dreiebenken med treemner. Både vener og familie har gode minne i form av vakre trebollar og fat.
Johan var ein omsorgsfull ektemann og familiefar. Han etterlèt seg kone, fire barn og sju barnebarn. Me er mange som minnest Johan med stor respekt og glede.