Leif Kåre Haga

Bjarte Aksnes Om forfatteren

Vår gode ven og kollega Leif K. Haga døydde 14. mars 2019, 61 år gamal.

I åra 2008–14 arbeidde han som assistentlege ved revmatologisk avdeling ved Ålesund sjukehus og var ein svært dugande kollega og medarbeidar for oss.

Han vaks opp på Voss. På slutten av 70-åra tok han utdanning som radiograf i Oslo, og jobba i fem år som radiograf på Voss før han i 1985 starta på medisinstudiet ved Universitetet i Oslo.

I 1982 gifte han seg med Gerd E. Breivik frå Ørsta, og dei fekk to døtrer: Mildrid i 1994 og Katrine i 1997.

Etter turnus ved Volda sjukehus og distriktsturnus i Sande var han et år i allmennpraksis i Oslo, før vegen gjekk attende til Sunnmøre og Ålesund der han dreiv allmennpraksis kombinert med tilsynsstilling i sjukeheim. Der blei han i ti år og tok i denne perioden spesialistutdanning i almenmedisin.

Etter ein sjukdomsperiode kom han så til oss på revmatologisk avdeling i Ålesund i 2008. Leif treivst svært godt med revmatologifaget og i arbeidsfellesskapet vårt, og skaffa seg på kort tid god teoretisk kunnskap og nødvendige praktiske ferdigheiter i faget.

Han var ein beskjeden, lun og humoristisk medarbeidar, svært godt likt av alle faggruppene i avdelinga. Leif sette høge krav til seg sjølv og var i sin kliniske praksis grundig og reflektert og hadde stor omsut for pasientane. Dei var svært glade i han, og han fekk dei beste skotsmål, både då og i ettertid.

Etter nødvendig tenestetid på avdelinga tok han sideutdanning i indremedisin og peila seg inn mot å bli spesialist i revmatologi. Men slik skulle det ikkje gå.

Leif hadde mange interesser og talent. Frå barnsbein var han svært opptatt av fugleliv og naturen generelt, både dyr og planter. Matematikk og fysikk var favorittfag i skulen. Seinare blei det fotografering og slektsgransking. Begge foreldra hans fekk si slektssoge i flotte bøker og bilete til 90-årsdagen. Han laga óg fleire bøker om heimbygda og livet der (ikkje publisert).

Men det som betydde aller mest for Leif var Gerd og døtrene.

På grunn av aukande sjukdomsplager kom han seg ikkje i arbeid igjen etter 2014.

No er han borte. Våre tankar er hjå familien, og vi i revmatologisk avdeling saknar ein god ven og medarbeidar.

Fred over minnet.

På vegne av kollegaer og medarbeidarar ved revmatologisk avdeling, Ålesund sjukehus

Kommentarer

(0)

Anbefalte artikler