Den ambivalente kjærleiken til livet og døden
Tikk takk. Surklinga kjem annakvart sekund. Andletet hennar vekslar mellom ein endelaus fredleik og eit desperat uttrykk om hjelp. Det ser ut som ho gjer seg klar til å sleppe, klar til å sleppe den klamma handa – til både meg og livet. Det er då han kjem inn. Han er kledd i kvitt. Han ser på oss. Smiler. Stemma hans gjev oss den sårt tiltrengte tryggleiken me begge søkjer. Ord og kroppsspråk seier det same – det kjem til å ordne seg.Ei grenselaus utviklingDei siste tiåra har medisinen gjort at stadig fleire av oss kan leve lengre. Me kan leve med kroniske sjukdommar og fortsatt skumme fløyten av det livet kan tilby. Born som vert for tidleg fødde, kan bli redda ved 24 veker. Trafikkskadde, kreftramma – det er ikkje ein ting medisinen ikkje lenger kan redde. Sjukehusmedisinen er vorte så moderne, så teknologisk, så avansert at det verkar som ein i stor grad kan tillate seg å eksperimentere med liv. Kirurgien prøver seg ofte på grensetilfella, for av og til lykkast dei. Kva er eigentleg avgjerdene basert på? Er delar av den kunnskapsbaserte medisinen vorte bytta ut med den eksperimentelle?Mange av avgjerdene innanfor den medisinske profesjonen er dei siste tiåra i stadig større grad vorte basert på kor langt ein kan strekkje livet. Respekten for det å døy er vorte mindre etter kvart som generasjonar med enorm livsappetitt har vekse fram. Livet er vorte det fundamentalt viktige, medan verdighet og respekt for det livet ein har levd, er blitt nedprioritert i kampen for alderdomen. For kvar skal grensa gå i dei tilfella der den medisinske teknologien ikkje skal nyttast?Livet må ein gong ende, sjølv om dette er noko som er vanskeleg for oss medisinarar å akseptere. Trass i all kunnskap om at døden er ein uunngåeleg prosess, har haldningane utvikla seg i ei retning der behandling er løysinga uansett problemstilling. Er ikkje dette noko som gjeng imot vår opphavlege intensjon om å gjere det beste for pasienten? Det er ikkje berre pasienten som vert ramma, også dei pårørande vert utsett for eit enormt forventningspress.Siste livsfaseEg høyrer til ein profesjon og eit fagfelt som har makt over det mange verdset høgst - livet. Samstundes høyrer eg til eit fagfelt som har fokusert på det evidensbaserte, det teknologiske, det sikre, men i mange tilfelle ikkje nødvendigvis alltid det rette. Av og til er det dei vanskelege avgjerdene ein må ta. Avgjerder der omsynet til pasienten må vege tyngst, omsynet til den respekten og verdigheita siste livsfase bør møtast med.Medisinen balanserer på eit tviegga sverd. Fullkomen lykke over å ha fått ein ny sjanse, kan også erstattast med ei endelaus sorg over eit tapt menneskeliv. Prosessen er vanskeleg for alle partar. Som framtidig lege kan ein berre håpe ein har nok kunnskap og mot til å stå for dei verdiane ein trur på. På den måten kan eit trist kapittel også medføre ei verdig avslutning på eit verdig liv.Eit verdig farvelVala ein står ovanfor som pårørande, pasient eller helsepersonell, er fylt med forventningar. Nokre forventar ei fredfull avslutning, andre vil kjempe til siste slutt, medan nokon ikkje veit si arme råd. Ein dag er det eg som står i eit vegkryss der vala mine får uana konsekvensar. Ein dag må eg ta avgjerder som vil påverke livet til dei eg behandlar. Eg har valt eit yrke og eit fagfelt som gjer meg utsett. Samstundes har det ført meg inn i situasjonar der møte med døden har vore ei fin stund - både pårørande og pasient har fått kontroll over det ukjende og fått sagt eit verdig farvel. Farvel til kvarandre og farvel til det livet som alltid verka så evig.Han var forkledd som ein redningsmann, men det viste seg at han enda opp som det motsette. Han handla kanskje i god tru, men handlingane hans førde oss inn i ein tidagars kamp mellom livet og døden. Bestemor som ein gong hadde utstrålt livskraft og vitalitet, reiste frå det livet ho elska, som ei tynn, skral og sliten dame. Den verdigheita ho ein gong lyste av, rann ut i takt med den intravenøse væska som gjekk inn. Medisinen som skulle gje oss meir tid, gav oss samstundes også meir sorg. Den tok frå oss respekt og kontroll og gav oss ei kjensle av fortviling.