Annonse
Annonse

Tankevekkjande om livet som psykiater

Trond F. Aarre Om forfatteren
/sites/default/files/article--2017--08--17-0508--ANM_17-0508-01.jpg

Marianne Mjaaland

Tvang og tvil

En innsideberetning fra norsk psykiatri. 351 s. Oslo: Kagge forlag, 2017. Pris NOK 399

ISBN 978-82-489-1969-8

Dette er ei bok som mange vil late seg rive med av, ei engasjerande og lettlesen skildring av dei faglege og etiske vanskane som pregar faget. Ho rettar seg mot eit vidt publikum og vil vere av interesse for alle som er opptekne av rolla til psykiatrien i samfunnet.

Mjaaland skriv yrkesautobiografi. Ettersom alle personar er anonymiserte, er det uråd å etterprøve det ho skriv. Ho gjer det klårt at målet hennar er attkjenning på systemnivå, ikkje på individnivå. Lesaren har ikkje anna val enn å ta henne på ordet og tru på det ho skriv. Det trur eg vi kan gjere. Ho byr oss den djupt personlege, subjektive sanninga.

Boka skildrar psykiatrien i samtida og den nære fortida, slik forfattaren møtte den i arbeid ved Lier sjukehus (del 1), Blakstad sjukehus (del 2) og Drammen DPS (del 3). Framstillinga kretsar i stor grad kring velkjende dilemma som bruk av tvang og spenninga mellom kontroll og tillit. Mjaaland er svært oppteken av faglege hierarki, dominans og makt mellom kollegaer. Skildringane, særleg frå Lier og Blakstad, er nifse og skulle helst ha vore vitnemål frå ei fjern fortid. Dersom makta gjev seg slike utslag for ein som sjølv er med på å utøve henne, kan me berre lure på korleis makteslause pasientar må oppleve det.

Skildringane av lovstridig og krenkande bruk av tvang er skakande lesnad som byggjer opp under kritikken mot tvangsbruken i norsk psykiatri. Ho viser korleis inngripande tiltak vert vedtekne som institusjonell policy utan den individuelle vurderinga som lova krev. Mjaaland verkar desillusjonert over både faget og institusjonane. Ho peikar på at det er i somatikken at den medisinske logikken har gjeve oss mirakel, ikkje i psykisk helsevern.

Mjaaland viser korleis psykiateren må handle i situasjonar der utgangen vert kritikk eller misnøye uansett kva ein tek seg føre. Skildringa av faglege dilemma, som vurdering av rømmingsfare og risiko for vald eller sjølvmord, er overtydande. Pasientane ho skildrar er det lett å kjenne att for dei som sjølv har røynsler frå faget.

I den tredje bolken kjem Mjaaland med ein del ålmenne synspunkt på fag- og samfunnsutvikling. Hennar reservasjonslause avvising av psykiatrisk diagnostikk er interessant, men svakt underbygd. Denne bolken kan verke paradoksal i sitt forsvar for asyltradisjonen og noko lettvint i sine mange utfall. Forlaget burde ytt henne meir hjelp her. Det burde også luka ut den nedlatande omtalen av psykologar, som er unødvendig og skjemmande.

Mjaaland skriv godt, og teksten er lett å lese. Layout og innbinding er tiltalande. Boka er tankevekkjande lesnad om frustrasjonar og gleder i eit krevjande yrkesliv.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse