Annonse
Annonse

Eit nærsjukehus i distrikt

Øystein Lappegard (Se biografi)

 

Mi drivkraft er å vere med å skape ei helseteneste der pasientane bur. Å bu i ei distriktskommune tilfører livet dimensjonar som ein ikkje finn i urbane strøk: Samhald, omtanke for kvarandre, fellesskap, ein tanke om at det vi skal bu i og vere ein del av, det må vi skape sjølv.

Av ca. 15 000 hjerneslag i Noreg årleg, vil 60 – 70 skje i Hallingdal, reint statistisk. På Hallingdal sjukestugu gjev ei ny CT-maskin innbyggjarane tilgang på rask diagnostikk og behandling ved hjerneslag. For slagpasientar er kvart minutt utan behandling forbunde med tap av hjerneceller. Tidlegare var prosentdelen av hjerneslagpasientar som fekk behandling med trombolyse mykje lågare i Hallingdal enn i resten av Vestre Viken helseforetak. CT-maskina gjev eit meir likeverdig helsetilbod til befolkninga i dalen.

CT-en har no vore i bruk i 3/4 år og det vert også teke elektive CT-undersøkingar både på innlagde pasientar på Hallingdal sjukestugu og pasientar som er vist til CT frå legekontora i Hallingdal. Ei realistisk målsetting for 2017 er 1 000 CT undersøkingar.

Hallingdal er ein av dei største reiselivsregionane i landet og i vintersesongen er befolkninga opp mot fire til fem gonger det normale. Mange av dei besøkande driv risikoåtferd. Brotskader er vanleg. Alle dei kommunale legekontora har røntgenapparat. Bileta herfrå kan sendast ortoped ved Ringerike sjukehus for vurdering. I tillegg har ein røntgentilbod ved Hallingdal sjukestugu der bileta vert overført digitalt til Ringerike og tolka av røntgenlege. Årleg sparar CT og lokale røntgentilbod 7 – 8 000 pasientreiser til sjukehuset to timar unna.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse