Søvngjengar
Forskaren og barnelegen, så engasjert og pratsom som berre ein erkebergensar kan vere, har etter kvart ein lang og ganske intens karriere bak seg. Det har ikkje alltid vore tid til å drive med sau og lage risotto på ekte italiensk vis etter jobben. Etter turnustenesta, då ho var småbarnsmor i arbeid på barneklinikken på St. Olavs hospital, var livet annleis.
– Då eg kom heim frå døgnvakt, gjekk Guttorm på vakt. Me hadde to små ungar, og eg berre gjekk og trilla dei ute. Det var einaste måten eg klarte å halde meg vaken på. Det var ikkje verdt det. Ein trur ein må vere så rask for å få desse jobbane og følgje karrieresporet. Ein torer ikkje vere heime ekstra. Den gong fekk ein jo heller aldri forlenga vikariatet om ein var gravid. Heldigvis er det ikkje slik i dag.
Dette hintet av anger er noko utypisk for Bjørke Monsen, som elles synest å ha møtt det meste av både problem og mogelegheiter med ei fjellstø «rett på»-haldning.
Den eldste dattera deira har ei utviklingshemming og har mellom anna svært nedsatt høyrsle. Ein viktig grunn for å flytte heim til Bergen var den anerkjente døveskulen som ligg der. Bjørke Monsen sjølv begynte på barneklinikken og vart kasta ut i det.
– Andre dagen på jobb hadde eg vakt. Eg var heilt aleine. Eg hadde KK med fødslane, nyfødtintensiv og mottak. Eg låg ti centimeter over senga på vakt, livredd.
Det kunne halde hardt innimellom, men om pasientane er tryggare no enn då, er ho ikkje heilt sikker på. – Me jobba grådig mykje, så me vart jo flinke. Me fekk meir trening enn dagens unge legar gjer. De har betre arbeidstidstilhøve no enn me hadde, men ikkje same autonomien, trur eg.